- Dagen er meir aktuell enn nokon gong

Onsdag 8. mai var det 79 år sidan Noreg vart fritt etter fem år med okkupasjon. På frigjerings- og veterandagen var det ei rekkje markeringar i Øygarden kommune.
- Det å markera denne krigshistoria er noko av det viktigaste vi kan gjera, sa ordførar Tom Georg Indrevik på markeringa i Telavåg.

Frå arrangementet i Telavåg. frå venstre; flotiljemester Karoline Hoppestad., orlogskaptein Helge Nordgård, ordførar Tom Georg Indrevik, Victoria Kvietkute-Gouraud (elev på Spildepollen skule), Alexandra Therese Busomoke (elev på Spildepollen skule) og Jenny Heggvik (konferansier og leiar på Nordsjøfartmuseet) - Klikk for stort bileteFrå arrangementet i Telavåg. Frå venstre; flotiljemester Karoline Hoppestad, orlogskaptein Helge Nordgård, ordførar Tom Georg Indrevik, Victoria Kvietkute-Gouraud (elev på Spildepollen skule), Alexandra Therese Busomoke (elev på Spildepollen skule) og Jenny Heggvik (konferansier og leiar på Nordsjøfartmuseet).

Telavåg-bygda vart brutalt råka under krigen. 30. april 1942 vart bygda plyndra, og husa vart brende og jamna med jorda i ein hemnaksjon frå tyskarane. Alle menn mellom 16 og 60 år vart arresterte og sendt til fangenskap i Tyskland. 31 av desse kom aldri heim. Kvinnene og barna vart sende til Storetveit i Bergen og seinare Framnes i Hardanger.

Ordførar Tom Georg Indrevik kunne ikkje unngå å sjå alle som flagga i Telavåg denne dagen. I Telavåg møter bygdefolket alltid opp på markeringa ved minnestøtta den 8. mai. Det skjedde også i år.

- Eg har den seinare tida treft mange som har blitt hundre år. Nesten alle fortel om tida under krigen. 79 år etter freden er denne dagen meir aktuell enn nokon gong. Det er krig i Europa. Vi må som lokalsamfunn, kommune, fylke og start formidla vidare det grufulle som skjedde med håp om at det ikkje skal skje igjen, sa ordføraren.

Han minna også om at denne dagen vert veteranane heidra og får fortenestefull hyllest for dei mange utanlandsoperasjonane dei har gjennomført og gjennomfører rundt om i verda.

Ordførar Tom Georg Indrevik talte på fleire av stadene der det vart lagt ned blomekrans. Han runda alle talane av med ein song han kjenner godt på eit langt liv i speidaren.

- Eg opplever at speidarsongen «Alltid freidig når du går» passar godt denne dagen, sa ordføraren og siterte det siste verset:

Kjemp for alt hva du har kjært, dø om så det gjelder!
Da er livet ei så svært, døden ikke heller.

Frå markeringa ved Hjelme gamle kyrkje. - Klikk for stort bileteFrå markeringa ved Hjelme gamle kyrkje.

- Glade for å bu i eit fritt land

Ordføraren fekk hjelp av elevane Alexandra Therese Busomoke og Victoria Kvietkute-Gouraud til å leggja ned blomekransen ved minnestøtta. Dei to elevane går på 7. trinn på Spildepollen skule.

- I dag har vi vore på Nordsjøfartmuseet og vorte kjend med det som skjedde under krigen. Det var forferdeleg det som skjedde, ikkje minst her i Telavåg. Eg klarer ikkje å fatta det som skjedde. Vi er veldig glade for at vi får leva i eit fritt land, seier Alexandra.

- Dei som har opplevd dette har heilt sikkert hatt traume og opplever at det er vanskeleg å gløyma det som skjedde. Det er ikkje sjølvsagt at vi skal få ha denne fridomen vi no har, seier Victoria.

Victoria Kvietkute-Gouraud (til venstre) ogAlexandra Therese Busomoke - Klikk for stort bileteVictoria Kvietkute-Gouraud (til venstre) og Alexandra Therese Busomoke

Orlogskaptein Helge Nordgård talte også på minnemarkeringa i Telavåg. 

- Vi må framleis slåst for fridomen. Over hundre tusen norske kvinner og menn har delteke i internasjonale operasjonar. Truleg har meir enn tre millionar kvinner og menn i verneplikttenesta stått i teneste for Noreg. 8. mai er ei påminning om å ta vare på kvarandre og minnast dei som ikkje kom heim, sa Nordgård.

På markeringa i Telavåg var det vakker song av Sund blandakor (dirigent Tonje Eriksen) og 1. trinn på Spildepollen skule. 

Frigjerings- og veterandagen vart markert i kommunen frå nord til sør. Ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Anita Garlid Johannessen starta ved minnestøtta ved Hjemle gamle kyrkje. Det vart også lagt ned blomekrans ved minnestøtta ved Blomvåg kyrkje, Fjell kyrkje, Fjell festning, Kausland kyrkje og Sund kyrkje (Klokkarvik).

Varaordførar Anita Garlid Johannessen talte mellom anna ved minnestøtta ved Blomvåg kyrkje. 

- Eg opplevde frå barndomen at det vart snakka lite om krigen, og eg fekk vita lite om det som skjedde. Men vi må aldri gløyma det som skjedde, sa varaordføraren.

Ved minnestøtta på Fjell festning - Klikk for stort bileteVed minnestøtta på Fjell festning

Ved minnestøtta ved Fjell kyrkje og på Fjell festning la nyvald leiar i Sotra og Øygarden forsvarsforening, Tor Glistrup, ned blomekrans.

- Vi treng eit sterkt forsvar. Det er avskrekkande og kan bidra til at vi slepp å oppleva 9. april igjen, sa han.

Markeringane denne dagen var eit samarbeid mellom Museum Vest, Stiftinga Fjell festning, Heimevernet, Sotra og Øygarden forsvarsforening, veteranforeininga, Den norske kyrkja og Øygarden kommune.

Her er fleire bilete:

Ved minnestøtta i Telavåg - Klikk for stort bilete
Ved minnestøtta i Telavåg - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Ved minnestøtta i Telavåg - Klikk for stort bilete
Ved minnestøtta i Telavåg - Klikk for stort bilete
Ved minnestøtta i Telavåg - Klikk for stort bilete
Ved minnestøtta i Telavåg - Klikk for stort bilete
Ved Kausland kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Kausland kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Fjell festning - Klikk for stort bilete
Ved Fjell festning - Klikk for stort bilete
Ved Fjell kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Fjell kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Fjell kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Fjell kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Blomvåg kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Blomvåg kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Blomvåg kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Blomvåg kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Hjelme gamle kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Hjelme gamle kyrkje - Klikk for stort bilete
Sokneprest Lars Arne Vik og varaordførar Anita Garlid Johannessen ved Sund kyrkje - Klikk for stort bilete
Ved Sund kyrkje. På biletet Sverre Bungum og Anita Garlid Johannessen - Klikk for stort bilete


 Tekst og bilete: Vigleik Brekke