Linda Asphaug vart «Årets eldsjel 2024»

- Eg vart først og fremst overraska over å få prisen. Det seier helsesjukepleiar Linda Asphaug som torsdag denne veka vart kåra til «Årets eldsjel» av organisasjonen «De Utrolige Årene (DUÅ)». Prisen vart overrekt på Barn- og Unge-kongressen i Bergen.
 

Prisvinnar Linda Asphaug (fremst) saman med gode kollegaer som er involvert i DUÅ-arbeidet i Øygarden kommune. Frå venstre; Siv Anne Waage, Unni Marlen Leirvåg, Randi Aldal, Linda Asphaug, Kate Solsvik og Hilde Eidhammer. - Klikk for stort biletePrisvinnar Linda Asphaug (fremst) saman med gode kollegaer som er involverte i DUÅ-arbeidet i Øygarden kommune. Frå venstre; Siv Anne Waage, Unni Marlen Leirvåg, Randi Aldal, Linda Asphaug, Kate Solsvik og Hilde Eidhammer.

Denne kongressen er ein fagleg arena der det handlar om ulike problemstillingar av betydning for oppveksten og den psykiske helsa til barn og unge.  

Linda Asphaug seier at det var stor stas å få prisen, men at ho også opplever det som ei anerkjenning for det ho har bidratt med i arbeidet for barn og familiar i ei årrekke. 

- Eg må presisera at ingen er særleg god i eit slikt arbeid åleine. Både leiing og kollegaer har gjort det mogeleg å halda fram med systematisk arbeid for å levera «De Utrolige Årene»-programma i så mange år.

Ho seier at «De Utrolige Årene» er eit viktig bidrag i det foreldrestøttande arbeidet, i tillegg til arbeid med barnegrupper («Dinosaurskulen») og med kompetanseutvikling hos tilsette i barnehagar og skular. 

- Å få ein slik pris gjev motivasjon til å halda fram med arbeidet! Seier Linda Asphaug.

I grunngjevinga for prisen vert det vist til at Linda Asphaug først starta som gruppeleiar innan skule- og barnehageprogrammet i 2007 og har vore sentral i leveringa av dette programmet i mange år. Seinare vart ho også gruppeleiar og DUÅ-rettleiar i barnegrupper i DUÅ og sentral i implementeringa av dette tilbodet i kommunen. 

Prisen er underteikna av leiarteamet i De Utrolige Årene - Klikk for stort biletePrisen er underteikna av leiarteamet i De Utrolige Årene.

Ho har jobba med fleire av foreldreprogramma, og for tida jobbar ho med Universalprogrammet.  og akkurat no jobbar ho med Universalprogrammet. Ho har tidlegare vore implementeringskoordinator for kommunen og vore sentral i viktige utval som har berørt DUÅ-aktivitetane i kommunen. 

- Ho er ein engasjert gruppeleiar som alltid stiller førebudd til gruppesamlingane og er ein høgt verdsett DUÅ-rettleiar i eigen kommune og i regionen som heilskap, heiter det i grunngjevinga frå juryen.