La ned blomekrans ved minnestøtte

I dag er det åtte år sidan den tragiske helikopterulukka ved Turøyna. På måndag la ordførar Tom Georg Indrevik ned blomekrans ved minnestøtta.

I dag (29. april) la ordførar Tom Georg Indrevik ned blomekrans ved minnesteinen. - Klikk for stort bileteI dag (29. april) la ordførar Tom Georg Indrevik ned blomekrans ved minnesteinen.

Det var den 29. april 2016 at helikopteret styrta og 13 menneske omkom. Mellom dei omkomne var Lyder Martin Telle og Odd Geir Turøy frå Øygarden.

- Denne dagen vil vi alltid hugsa. Den tragiske ulukka gjorde eit sterkt inntrykk på oss alle. Vi vert også minna om den viktige jobben dei tilsette i offshorenæringa gjer for landet. I dag går tankane våre særleg til dei pårørande, seier ordførar Tom Georg Indrevik. 

Minnesteinen vart sett opp i april 2019, tre år etter ulukka. Då var det ei større markering med mellom anna pårørande og lokalbefolkninga til stades. 

Minnestein - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke