Møteplassen - Ung i sorg

For deg som har mista nokon du er glad i. Her kan du møte andre ungdom som også er i sorg.

 

Dato
13. mai 2024
Tid
16:00 - 17:30
Stad
Innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter
Møteplassen ung i sorg - Klikk for stort bilete

Om samlingane

Vi startar samlingane med mat, prat og annan type sosiale aktivitetar. Vi tek også opp ulike tema om sorg.

Praktisk informasjon

  • For ungdom 13-20 år i Øygarden kommune
  • Gruppa er open for alle, uansett livssyn
  • Stad: Innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter
  • Kl. 16-17.30, men vi har ope frå kl. 15.00 for dei som sluttar tidleg på skulen
  • Alle har teieplikt
  • Gruppa blir leia av diakon Torunn Nateland Utvær, diakoniarbeidar Renate Olsen Seim og helsesjukepleiar Anette Espelid Angeltveit

Pris

Tilbodet er gratis.

Påmelding

Det er fint om du melder deg på, men du er hjarteleg velkommen utan påmelding.
Du kan melde deg på til Torunn på mobil 922 34 648 eller på e-post tn788@kyrkja.no
Innbyggartorget og biblioteket stenger kl. 16.00, dersom du kjem etter det, kan du ringe Torunn som kjem og opnar for deg.

Fint om du melder frå om allergiar.

Vi gler oss til å sjå deg på møteplassen!

Arrangør

Den Norske Kyrkja Øygarden kyrkjelege fellesråd

Prosjektet er utvikla med støtte frå Kyrkjerådet.

Andre tidspunkt

  1. Måndag, 13.05.2024 16.00 - 13.05.2024 17.30
  2. Måndag, 27.05.2024 16.00 - 27.05.2024 17.30
  3. Måndag, 10.06.2024 16.00 - 10.06.2024 17.30
  4. Måndag, 24.06.2024 16.00 - 24.06.2024 17.30