Tobakksfri - For å slutte å røyka eller snusa

Eit sluttekurs for deg som ønskjer å bli røyke- eller snusfri saman med andre. Ved å delta på tobakksfrikurs har du betre moglegheit for å lykkast enn dei som prøver å slutte på eiga hand. Kurset tar utgangspunkt i Helsedirektoratet sine anbefalingar for å bli tobakksfri.

 

Dato
17. september 2024
Tid
14:00 - 15:30
Stad
Microsoft Teams

Målgruppe

Kurset er for deg over 18 år som ønskjer å slutte med røyk eller snus i lag med andre som vil bli tobakksfri.

Kurset passer for deg som ønskjer:

  • Motivasjon til å slutte
  • Dele erfaringar med andre
  • Praktiske og mentale førebuingar til å slutte
  • Effektive tiltak for å takle snus-/røykesug
  • Støtte og oppmuntring frå andre i same situasjon
  • Strategiar for å halde deg snus-/røykfri

Innhald

Dei tre første samlingane handlingar om førebuing til å slutte. Sluttedagen blir midt i kursrekka. Dei tre siste samlingane gir oppfølging, motivasjon og støtte til å halde seg tobakksfri.

Omfang/kursdatoar

Kurset går føre seg digitalt på Teams, og har 6 samlingar på 1,5 time.

Oppstart for kurs hausten 2024 er 17. september. Kurset vert heldt tysdagar kl. 14:00-15:30.

Kursdatoar hausten 2024:

  • 17. september
  • 24. september
  • 1. oktober 
  • 22. oktober
  • 29. oktober
  • 5. november

Dette er ei kursrekke der kvar kursdag byggjer på ein annan kursdag. 

Pris

Kurset er gratis, men deltaking krev påmelding innan frist, samt stadfesta plass på kurset.

Påmelding

Meld deg på  her

Frist for påmelding er 13.09.2024. 

Arrangør

Kurset er eit interkommunalt tilbod på tvers av Frisklivssentralar/Friskliv og Meistring i Vestland fylke.