Kurset er utvikla av norske psykologar og forskarar, og er basert på grunnprinsipp frå metakognitiv og kognitiv åtferdsterapi.
Kurset er digitalt, og er ope for alle vaksne i Vestland Fylke.
Målgruppe
Kurset passar for vaksne i alle alder som ønskjer å bli meir merksam på eigne tankar, og finne nokre knaggar å henga uro og bekymringar på.
Kurset er ikkje eit terapikurs for å meistra at du er nedstemd eller deprimert. Det er heller ikkje eit forum for å omarbeida sorg eller tunge emosjonelle belastningar.
Det kan likevel styrka deg i møte med slike belastninga - og verka førebyggande.
Innhald
Kurset består av ein populærvitskapleg programserie i tre deler, og verktøy og øvingar som gir deg trening i å bruka kunnskapen frå programserien i eige liv.
- Det psykologiske immunforsvaret presenterer grunnleggjande psykologisk kunnskap om merksemd og tankar.
- Tankevirus går gjennom fem ulike tankevirus ved hjelp av morosame og gjenkjennelege eksempel.
- Psykologiske vitamin tek deg steg for steg gjennom korleis du kan gå fram for å få bukt med tankevirus.
Kurshaldar er synleg med kamera. Deltakarar kan vere anonym, og deltek utan kamera og lyd. Kommunikasjon skjer i chat kor ein svarar på oppgåver i etterkant av videoframvising.
Her kan du lesa meir om Tankevirus
Omfang/kursdatoar
Kurset har to samlingar på 1,5 - 2 timar.
Oppstartsdato for kurset hausten 2024 er tysdag 17. september kl. 18.00 - 20.00.
Kursdatoar husten 2024 er:
- Tysdag 17. september kl. 18.00 - 20.00
- Tysdag 24. september kl. 18.00 - 20.00
Pris
Kurset er gratis! Men deltaking krev påmelding og stadfesta plass på kurset.
Påmelding
Påmeldingslenke kjem her.
Frist for påmelding er 10. september, 1 veke før kursstart (med atterhald om fullteikna kurs før fristen).
Etter påmeldingsfrist vil alle på lista bli kontakta av kurshaldar på e-post for stadfesting av plass, og meir informasjon før kursstart.
Arrangør
Kurset er eit tilbod i samarbeid med Frisklivssentralen i Bergen kommune.