Arbeidsmøte: Kva er unikt i Øygarden? (Rong)

Kom og sei di meining. Kva gjer deg stolt av å bu der du bur?

Dato
25. september 2024
Tid
18:30 - 20:30
Stad
Kulturhuset på Rong
Bildebanner til Arealdelen til kommuneplanen - Klikk for stort bilete

Kommunen har starta arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. Denne hausten utfordrar vi deg som innbyggar til å fortelja oss korleis vi bør utvikla kommunedelsentra våre for framtida.

Korleis kan kommunedelsenteret ditt bidra til eit godt kvardagsliv?

Vi vil også vita kva som er bra med bygda du bur i. Kvifor er det godt bu å der? Veit du om ein stad som er spesielt fin? Er det badeplassar, turstiar eller andre område du er glad i, som vi må ta vare på for framtida?

Oversikt over alle arbeidsmøte

Oversikt over innspelsmøte
Kommunedelsenter Dato Tid Stad
Rong 25. september 18.30 - 20.30 Kulturshuset
Ågotnes 26. september 18.30 - 20.30 Tranevågen ungdomsskule
Skogsskiftet 1. oktober 18.30 - 20.30 Aktivitetssenteret

Her kan du lesa meir om arealdelen til kommuneplanen 2027 - 2039