Snekring av biehotell

Lag ditt eige biehotell med Bergen fellesverksted

Dato
10. juli 2024
Tid
13:00 - 15:30
Stad
Øygarden innbyggartorg og bibliotek
Merknad
Rong
Biehotell - Klikk for stort bileteBiehotell

Denne dagen byggjer vi insekthotell i lag med Bergen Fellesverksted. Hotellene byggast av ferdige trestykke som deltakarane får montere saman med hammar og spikar. Dei veljer sjøl ut innreiinga til hotella. Dessutan bruker vi boremaskin til å lage ekstra hol som insekt og bier kan bu i. Aktiviteten byrjar med ein kort presentasjon om insekt si rolle i naturen, kvifor vi lager hotell, og kor det passer å henge dei opp. Passer best for deg mellom 8 og 12 år. Kurset er gratis.

Påmelding på Hoopla. Søk opp Øygarden og velg kurset med rett stad og tid for deg. 

OBS! Vanlegvis er alle kursa våre fullteikna, så om du har meldt deg på, og likevel ikkje kan nytta plassen, er det fint å gje ei melding til biblioteket slik at nestemann på ventelista kan få plassen.

Arrangør

Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Alle kurs og arrangement i innbyggartorg og bibliotek er gratis!


 

Andre tidspunkt

  1. Onsdag, 26.06.2024 13.00 - 26.06.2024 15.30
  2. Onsdag, 10.07.2024 13.00 - 10.07.2024 15.30
  3. Torsdag, 11.07.2024 14.00 - 11.07.2024 16.30
  4. Torsdag, 18.07.2024 13.00 - 18.07.2024 15.30