Generasjonsleikane

Øygarden Frivilligsentral og BUA Øygarden inviterer til Generasjonsleikane under Ågotnesdagane laurdag 7. september i Ågotneshallen.

Dato
7. september 2024
Tid
11:00 - 14:00
Stad
Ågotneshallen

Kva er generasjonsleikane?

Generasjonsleikane handlar om å vera aktive saman og på eigne premissar! Barn, vaksne og eldre – ulike generasjonar som er i aktivitet gjennom idrett og leik. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det gøy, ikkje å vinne. Laga, som består av minst to generasjonar, er med på fleire ulike aktivitetar. Desse er lagt til rette slik at alle skal kunna vera med, uansett alder og aktivitetsnivå.

Korleis bli med?

Her kan alle delta. De treng ikkje å trene aktivt eller ha treningsklede for å vera med. Ta med familie, naboen eller venner og møt opp når det passar dykk mellom kl. 11.00 - 14.00. 

Pris

Det er gratis å delta!

Korleis gjer de det?

I løpet av dei timane kan de ta del i fleire ulike konkurransar og spel. For kvar aktivitet de deltek på, samlar de merke på eit poengkort. Alle som fullfører 2/3 av aktivitetane får tildelt diplom og premie.

Har du lyst til å bidra?

Vi treng frivillige som kan ha aktivitetsstand eller bidra med praktiske oppgåver som å ta imot deltakarar, dele ut premiar og meir. Ta kontakt på messenger eller e-post: frivillig@oygarden.kommune.no