Open scene

Er du kreativ og har noko du vil visa fram for eit publikum? Sang, dans, musikk, kunst m.m.?

Dato
13. desember 2024
Tid
17:00 - 20:00
Stad
Bibliotekscena | Innbyggartorg og bibliotek | Sartor Storsenter
Open scene

Øygarden kulturskule og Straume bibliotek vil invitere alle kreative barn og unge i Øygarden kommune til å kome og henge med oss på biblioteket på Sartor kvar siste fredag i månaden frå kl. 17-20. Vi startar opp fredag 25. oktober.

Vi kjem til å ha ein Open Scene der dei som vil kan opptre eller vise fram noko. Det vil være projektor, lydanlegg og instrument på scenen.
Kvar gong vil det vere innslag frå kulturskuleelevar som opptrer saman med sine lærarar.
I tillegg blir det servert litt snacks og brus. Kom som du er og bli med! Scenen er din.

Ta kontakt med ansvarleg om det er spørsmål:
Camilla Kolbeinsen
Musikkterapeut
Øygarden kulturskule
camilla.kolbeinsen@oygarden.kommune.no

Arrangør

Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Andre tidspunkt

  1. Fredag, 25.10.2024 17.00 - 25.10.2024 20.00
  2. Fredag, 29.11.2024 17.00 - 29.11.2024 20.00
  3. Fredag, 13.12.2024 17.00 - 13.12.2024 20.00