• Attgåande aktivitet
  • Hending

AKTIV+ Sotra Arena - Straume

Dato

Tirsdag 18. mars 2025

Tidspunkt

kl. 10.30 - 14.00

Stad

Sotra Arena

AKTIV+ er eit ope og gratis aktivitets- og kulturtilbod for seniorar.

Vil du prøva ut tilbodet, er det berre å møta opp utan påmelding! Nye deltakarar vil få informasjon om aktivitetar og omvising i hallen når dei kjem.

Årsmøte 2025

Velkomen til årsmøte i AKTIV+ 18. mars kl. 12.30 på Odeon Kino Sotra.

Her kan du lesa innkallinga (PDF, 100 kB)

Målgruppe

 Yngre og eldre seniorar i Øygarden.

Program

Du vel sjølv om du vil delta på alt eller berre delar av programmet kvar gong. Det er høve til å byta aktivitet etter dagsform og helsetilstand. Kom og gjerne med tips til nye aktivitetar og foredrag, dersom det er noko du saknar.

Foredraga til Senioruniversitetet I Øygarden og Sotra (SØS) er gratis for medlemmer av SØS. For andre kostar dei kr. 60,-. 

Våren 2025

Parkering

Du kan parkera utanfor hovudinngangen til Sotra Arena når det ikkje er vaksinering. Ved vaksinering og viss det er fullt, kan du nytta parkeringa ved Lieco Auto.

Om oss

AKTIV+ vert driven av frivillige organisasjonar i samarbeid med Øygarden kommune. Målet er å driva og vidareutvikla ein sosial og helsefremjande møtestad som seniorar ikkje kan gå glipp av!

Vi samarbeider om AKTIV+:

  • Folkeakademiet Vest
  • SØS – Senioruniversitetet
  • LHL Sotra
  • Øygarden frivilligsentral
  • Rotary
  • Sotra Sportsklubb
  • Lions Club Sotra
  • Fjell Kystlag
  • Friskliv- og meistringssenteret
  • Øygarden kommune

Facebook

Følg AKTIV+ på Facebook

Dagar aktiviteten går føre seg

Mars

  • 18.03.2025
  • 25.03.2025

April

  • 01.04.2025
  • 08.04.2025
  • 22.04.2025
  • 29.04.2025

Mai

  • 06.05.2025
  • 13.05.2025
  • 20.05.2025
  • 27.05.2025

Juni

  • 03.06.2025
  • 10.06.2025
  • 17.06.2025

Praktisk informasjon

Kart
Kartpunkt for Idrettsvegen 50, 5353 Straume, Norway