• Hending

Bergen, naturlegvis

Dato

Torsdag 16. januar 2025

Tidspunkt

kl. 19.00 - 20.00

Sted

Innbyggartorg og bibliotek | Sartor Storsenter

Møt forfattar av boka “Bergen, naturlegvis”,  Anders Lundberg, på biblioteket denne kvelden.

Bergen, naturlegvis av Anders Lundberg

Sandviken, Fløyen og Vidden tilbyr heile året naturopplevingar i skog og fjell. Bergensnaturen er i endring, med skog som kryp oppover Ulriken. Vil den innta Vidden? Tilbakegangen av artar, som vipene på Storetveitmarkene og kystlyngheiene på Fløyen, er bekymringsverdig, og fuglar og planter som stare, gråsporv, ask og alm slit.
Men bildet er ikkje heilsvart; naturen i Bergen er levande og viktig! Naturen er til stades også i bysentrum: Smålungeren, Vågen, Store Lungegårdsvann, Damsgårdssundet, Nygårdsparken og Teaterparken. Her finn du lokale artar som byduer, parklind, moser og lav. Vandrefalken styrer frå høge tak, og på taket av Grieghallen produserer biene honning. Fuglane i Smålungeren er eit sentrum for internasjonalt mangfald; nokre hekker i nord, medan andre dreg sørover om vinteren. Mange av urteplantane frå klosterhagane for tusen år sidan finst her fortsatt.

Forfatter og fotograf Anders Lundberg er busett i Åsane, og kjem til oss for å fortelje om sin nye bok. Vi skal på natterangling i vakre hagar i Åsane og møte nattsommerfuglane, og vi skal sjå hjorten som dansar i sommernatta.
Naturen i Bergen er variert og spennande, frå sentrum til Vidden og Gullfjellet. Lundberg tar oss med til artsrike våtmarker, djupe skogar og høge fjell. Her har han treft på interessante og vakre plantar, sjeldne fugleartar og eit lyssky dyreliv. Og kanskje får vi også høyre noko om naturen i Øygarden?

Praktisk informasjon

Arrangeres av

Øygarden innbyggartorg og bibliotek