Samarbeid
Språkkafé er eit tett samarbeid mellom Øygarden frivilligsentral, Øygardsbiblioteka og flyktningtenesta. Her møtast vi kvar veke for uhøgtideleg prat og språktrening. Biblioteket har lokale og gjer klart bord og stolar og frivilligsentralen har kontakt med dei frivillige. For nokre av deltakarane er språkkafé ein del av timeplanen når dei går på introduksjonsprogrammet, mens andre er med fordi dei ønskjer å praktisera norsk og møte nordmenn. Tilbodet er gratis og open for alle!
Bli frivillig
Tilbodet er veldig populært og vi ønskjer oss fleire dyktige frivillige som ønskjer å vera snakkepartnar! Har du eller nokon du kjenner lyst til å vera med? Alle som snakkar norsk kan bidra! Er du innvandrar og ønskjer å øve norsk er du også velkomen!
På nettsida frivillig.no finn du meir informasjon og påmelding. Du kan også ta kontakt med frivilligsentralen på e-post frivillig@oygarden.kommune.no eller telefon 907 19 143.
Fotogalleri
Foto: Farshid Amini, Øygarden kommune