
“Kontoret” er historien om hanseatane i Norge, for første gang samla i ei framstilling. Boka gjev lesaren ei rik innsikt i denne fascinerande perioden av norsk historie.
Rundt 1350, like etter svartedaudens herjinger, etablerte hanseatiske kjøpmenn fra Nord-Tyskland ein organisasjon i Bergen: Kontoret. Hansa-kjøpmennene dominerte allereie handelen i Nord-Europa med tilsvarande kontor i London, Brugge og Novgorod. Dei hadde eigne reglar og rettssystem, og Hansa-byane utstyrte hærar og militære flåter for å sikre sine eigne interessar når det var naudsynt. På 1400-talet var det opp mot 2000 fastbuande hanseatar i Bergen, Oslo og Tønsberg. Dei var ein politisk og militær maktfaktor i Norge og skulle bli verande i over 400 år. KONTORET omhandlar denne perioden i norsk og nordisk politisk historie og gir samtidig eit spennande blikk på kvardagslivet til vanlege menneske i Norge, fiskarbønder og byborgarar.
Forfattaren Øystein Hellesøe Brekke er historikar, utdanna ved Universitetet i Bergen med mastergradsoppgåve om Det hanseatiske kontoret i Bergen i perioden 1490 til 1510. Med sin grundige kunnskap om hanseatisk og nordisk historie i seinmellomalderen er han ein autoritet på feltet.
Denne kvelden møter vi forfattaren i samtale med vår eigen Åshild Andersson Øyre.