-
Dato
-
20. november 2024
-
Tid
-
17:15 - 19:15
-
Stad
-
Øygarden Lokalmedisinske Senter, 2. etg. kurslokalene til Friskliv og Meistring
Målgruppe
Kurset er for familiar som har barn i alder 8–12 år (+/-) med uønskt vektauke eller overvekt. Kurset er for familiar som vil:
- ta gode val i kvardagen – for heile familien
- bli meir medvitne på eigne val
- jobbe med grensesetting
- finne gode alternativ til kos og påskjønning
Innhald
Tema for samlingane er:
- Kom i gang - Korleis kome i gong med endring
- Klare mål - Korleis oppnå gode vanar
- Ta kontroll - Om å setje grenser og ta ansvar for gode val og vanar
- Behovet bak følelsen - Om regulering av følelsar
- Kva viss... - Gode grunnar til å ta gode val
- Å vera til stades - Korleis ete for god helse
- Full fart - Om kvardagsaktivitet og ein kropp i bevegelse
- Smart mat for god helse - Om kva kroppen treng for å vekse og fungere som den skal
- Tankens kraft - Korleis tankane påverkar handlingane våre, og korleis få fram dei gode tankane
- Hald ut! - Om vegen vidare – på eigenhand
Vi jobbar med desse tema på ulike måtar, både gjennom samtale og refleksjon, praktiske øvingar og fysisk aktivitet, rørsleglede og heimeoppgåver.
Første samling er for foreldre, resten av samlingane er for både foreldre og barn. Nokre dagar er vi samla, og nokre dagar vil foreldre og barn bli delt i grupper kvar for seg.
Omfang/kursdatoar
Kurset har 10 samlingar på to timar over 6 månader.
2024/2025:
- Onsdag 20. november kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 27. november kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 11. desember kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 8. januar kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 29. januar kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 19. februar kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 12. mars kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 2. april kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 23. april kl. 17.15 - 19.15
- Onsdag 14. mai kl. 17.15 - 19.15
Pris
Kurset kostar totalt kr. 600,- per familie som inkluderer kveldsmat og kursmateriell.
Påmelding
Ta kontakt med skulehelsetenesta (helsesjukepleiar/skulelege) for spørsmål og påmelding. Du kan òg kontakte Friskliv og meistring på e-post: Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller telefon 55 09 68 50
Arrangør
Friskliv og meistring.