Om oss

Ågotnes barnehage er ein kommunal barnehage i Øygarden kommune. Barnehagen har ei god plassering i eit flott skogsterreng med nærleik til vatn og sjø. Den grenser til eit spennande friområde med skog, turløyper og idrettsanlegg/fotballbaner som vi ofte bruker. Nærmeste nabo er Ågotnes skule, Tranevågen ungdomskule, Hamremyra barnehage, Frihuset og kort vei til ulike bedrifter.

Visjonen vår er: Leikande, glade barn og natur hand i hand. - Klikk for stort bileteVi har eit flott naturområde for utfalding, leik og undring både innanfor og utanfor gjerdet. Vi arbeider med å leggje tilrette gode leikemiljø som barn kan trivast og utvikla seg i. Vi vil gje barna gode naturopplevingar gjennom å bli glade i naturen, bruke naturen og vera ute i all slags ver. Uteområdet er ein fin kombinasjon av ulike leikeapparat, sandkasser, småhus og skogsareale.

Visjonen vår er: Leikande, glade barn og natur hand i hand.

Avdelingar

Barnehagen har 4 avdelingar med barn i alderen ca. 1 år til 6 år. Avdelingane er Austavind, Sønnavind, Vestavind og Nordavind. I barnehageåret 2021/2022  har vi ei avdeling med små barn (Austavind) og tre avdelingar med barn i alderen 2 til 6 år (Sønnavind, Vestavind, Nordavind). Dette kan variere frå år til år.

Kvar avdeling har eit stort rom og eit lite grupperom. To og to avdelinger deler garderobe. I tillegg har vi formingsrom, tumlerom, bibliotek/spelrom og fellesrom/kjøkken som vi rullerer på.

Det er ei mangfaldig personalgruppe med ulik utdanning og mangeårig erfaring innanfor ulike område. I barnehagen er det styrar, to pedagoger på kvar avdeling, samt fagarbeidere, assistenter, spesialpedagog og støttepersonale.

Ågotnes barnehage er ein  praksisbarnehage i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, og tek imot barnehagelærarstudentar. Kvart år har vi lærlingar frå barne- og ungdomsfagetI tillegg har vi elevar frå ungdomskule, vidaregåande skule.

Historikk

Barnehagen starta opp som Kårtveit barnehage og heldt da til i Kårtveit gamleskule. I 1983 blei det bygget ny barnehage med to avdelinger. På 90- tallet var det og ei avdeling, Blåklokka, på Ågotnes skule. Frå 2000 til 2006 var ei  naturavdeling knytt til barnehagen som heldt til i skogen/Ågotnes hallen. I desember 2005 åpnet nåværende Ågotnes barnehage. I perioden 2005 – 2017 var Barnehagen fordelt på to bygg (nye og gamle Ågotnes barnehage).