Om ossÅgotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag ein halv times køyretur frå Bergen. Ågotnes-området har stor tilflytting av folk, og elevtalet på skulen er aukande. Skulen sto ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006. Skulekrins Elevane kjem frå gardane: Eide, Kårtveit og Ågotnes. Visjon «Ågotnes skule – ein god stad å vere, ein god stad å lære.» Dagsplan/timeplan Det ringjer inn til første time kl. 08.30. Elevar som kjem før dette, ventar ute. Dei elevane som går på morgon-SFO skal vere ute frå kl. 08.20. 1. - 4. trinn 1. trinn har 24 skuletimar og sluttar Måndag kl. 13.15 Tysdag kl. 13.15 Onsdag kl. 13.15 Torsdag kl. 13.15 Fredag kl. 12.00 2. – 4. trinn har 25 skuletimar og sluttar Måndag kl. 13.15 Tysdag kl. 13.15 Onsdag kl. 14.00 Torsdag kl. 13.15 Fredag kl. 12.00 5. trinn 5. trinn har 28 skuletimar og sluttar Måndag kl. 14.00 Tysdag kl. 13.15 Onsdag kl. 14.00 Torsdag kl. 14.00 Fredag kl. 13.15 6. - 7. trinn 6. trinn har 29 skuletimar og sluttar Måndag kl. 14.00 Tysdag kl. 13.15 Onsdag kl. 14.00 Torsdag kl. 14.00 Fredag kl. 14.00 7. trinn har 29,3 skuletimar og sluttar Måndag kl. 14.00 Tysdag kl. 13.30 Onsdag kl. 14.00 Torsdag kl. 14.00 Fredag kl. 14.00 Friminutt Det er friminutt: Kl. 10.00 - 10.30 Kl. 12.00 - 12.30 Alle elevar skal vere ute i friminutta dersom særavtalar ikkje ligg føre. Leksehjelp 5.-7. klasse. Tysdag, onsdag og torsdag frå kl. 08.00 til 08.30. Reglar for opphald på skulen Bakgrunn: Elevane på Ågotnes skule har rett til tryggleik og krav til personvern. For at skulen skal klare å verne om elevane på best mogeleg måte, har skulen laga reglar for opphald på skulen. Reglane har vore drøfta i FAU og vedtekne i SU-møte onsdag 19. juni 2019. Alle personar (dette gjeld og føresette) skal ta kontakt med administrasjonen når dei skal inn på skulen i skuletida (levere gymtøy, matpakkar, gje meldingar,….) Elevar som kjem med føresette om morgonen: Føresette leverer barnet, heng frå/hentar klede, og går. Ein kan sjølvsagt seie “god morgon” til lærar, men ingen kontakt utover det. Lærar er der 100% for elevane, ikkje dei føresette. Føresette tek kontakt med lærar skriftleg eller avtaler eit møte dersom det er naudsynt. Lærar svarer i løpet av arbeidsdagen dersom han/ho er på jobb. Dersom føresette hentar borna etter skuletid, må dei vente på utsida av skulebygget. Dersom skulepersonell observerer framande i skulegården eller i bygget, tek dei kontakt med vedkommande og ber personen melde seg i administrasjonen. I periodar der skulen gjennomfører utviklingssamtalar er skulen nøye med å opplyse om kva rom samtalane skal føregå i. Dersom skulepersonell ser vaksne dei ikkje veit kven er i denne perioden spør dei kven dei er og kven dei skal ha tak i. Dersom elevar skal bli henta av andre enn føresette må lærar ha melding om dette på førehand. Det er ikkje godt nok at eleven sjølv fortel dette. Det er eigne reglar for levering og henting på SFO. Symjebasseng Vi har 25-meters symjebasseng og eit variert uteområde med skog, sjø og vatn i gangavstand frå skulen. Øvingsskule Ågotnes skule er øvingsskule for Høgskolen i Bergen, avdeling for lærerutdanning. Kvart skuleår tek vi i mot fleire studentparti som får praksisopplæring hos oss. Kvart studentparti er hos oss opptil 6 veker i løpet av skuleåret. Fotogalleri Sist endra 06.07.2023 09.35