Forkjøling, halsbetennelse og øyrebetennelse er nesten dobbelt så vanleg hjå barnehagebarn sammenlikna med barn som ikkje går i barnehage. Mage/tarm-infeksjonar er opp til tre gonger så vanleg hjå barnehagebarn. I tillegg oppstår det stadig vekk utbrudd i barnehagar av mellom anna hovudlus, brennkoppar og ulike utslettsjukdomar.
Spreiing av smitte i barnehagar skjer hovudsakleg gjennom direkte eller indirekte kontakt mellom barna.
På nettsida til FHI finn du hygieneråd for førebygging av smittsame sjukdomar
Kva tid er det ikkje nødvendig å halda barna heime frå barnehagen?
Ved påvising av enkelte sjukdomar er det ikkje formålstenleg å halda barn heime frå barnehagen.
Det kan vera fordi sjukdomen i stor grad smittar før symptom oppstår, fordi smitterisikoen er svært liten når barnet er vorte frisk, eller fordi tilstanden er så vanleg/lite alvorleg at det ikkje gjev grunn til å halda barnet heime.
Eksempel på slike sjukdomar er den femte barnesjukdomen (erythema infectiosum), munnsår, vorter og hand-fot-munnsjuke.
Kva tid skal barna vera heime frå barnehagen?
Erfaringar viser at strenge reglar for å halda sjuke barn ute frå barnehagen har avgrensa effekt på spreiinga av smitte. Det kan mellom anna skuldast at sjukdomar er smittsame før ein ser teikna på sjukdomen. Likevel bør sjuke barn i mange tilfelle haldast heime ein periode for å hindra spreiing av smitte til andre barn.
Ved smittsam sjukdom vil allmenntilstanden til barnet ofte gjera det nødvendig at barnet bør vera heime. Vurdering av allmenntilstanden til barnet må alltid baserast på skjønet til forelda. Som hovudregel bør barnet vera friskt nok til å kunna delta i normale aktivitetar i barnehagen, og barnet bør vera feberfri.
Ved mange sjukdomar kan det vera vanskeleg å gje ein nøyaktig tidsperiode for kva tid barnet kan venda tilbake til barnehagen. Dette gjeld til dømes ved brennkoppar. I slike tilfelle må det gjerast eit skjøn av behandlande lege eller av foreldra.
Oversikten under dekkjer dei vanlegaste symptoma og sjukdomar som kan førekoma hjå barn som går i barnehage eller dei lågare klassetrinna i skulen.
Den normale temperaturen hjå barnet kan variera. Meir enn 38° C målt i endetarmen vert rekna for å vera for å vera høg temperatur. Barn med feber bør først og fremst av omsyn til seg sjølv haldast heime til barnet er feberfri. I nokre samanhengar kan det vera ønskeleg av smittevernomsyn.
Barn med diaré kan venda tilbake til barnehagen to døger etter at dei har vortne symptomfrie. Dette gjeld også bleiebarn. Barn som til vanleg har ein tendens til laus avføring treng ikkje haldast borte frå barnehagen. Det må vera foreldra som avgjer om barnet har ein unormal diarétilstand.
Ved diarétilstander der ein mistenkjer smitte gjennom matvarer (til dømes etter utanlandsreise) bør barnet undersøkast av lege, og det bør sjekkast om andre barn i barnehagen har symptom.
På nettsida til helsenorge.no finn du meir informasjon om diaré hjå små barn.
Det er ikkje grunnlag for å tilrå at barnehagebarn med mild til moderat augekatarr vert haldne heime. Ved kraftig augekatarr med rikeleg pussdanning bør barnet haldast heime inntil pussdanninga har avtatt. Dette er på grunn av risikoen for å smitta andre barn. Ved kraftig augekatarr vil det vanlegvis vera behov for legekontakt, og allmenntilstanden til barnet vil også i stor grad styra behovet for å vera heime frå barnehagen.
Det må vera opp til dei føresette til barnet å avgjera om eit barn som har symptom på augekatarr skal undersøkast av lege. Barnehagetilsette kan generelt ikkje forlanga at barn med konjunktivittsymptom skal undersøkast eller behandlast med augedråpar før dei kan få gå tilbake til barnehagen, men kan ved tvil drøfta dette med dei føresette til barnet. Dersom behandling vert sett i gang, kan barnet gå i barnehage dagen etter at behandling har starta opp.
På nettsida til helsenorge.no finn du meir informasjon om øyebetennelse.
Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det. Ved influensapandemi kan det vera aktuelt å halda barnet heime lengre.
Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.
Dersom det vert oppdaga hovudlus på barn i barnehagen, er det ikkje nødvendig å senda barnet heim. Når barnet kjem hjem, skal første del av behandlinga helst gjennomførast same kveld/natt. Barnet kan gå i barnehagen som normalt. Barnehage og vennekrins bør informerast om at barnet har hovudlus, slik at vennekrinsen kan sjekkast for lus og barnet unngå gjensmitte.
På nettsida til Folkehelseinstituttet finn du meir informasjon om hovudlus
Ved behandling tidleg i sjukdomsforløpet vert barnet vanligvis smittefri fem dager etter at behandling har starta, og barnet bør difor haldast heime frå barnehagen i denne perioden. Ved behandling seinare i sjukdomsforløpet vil smitta vera vesentleg mindre, og barn kan difor gå i barnehage dagen etter at behandling har starta opp.
På nettsida til helsenorge finn du meir informasjon om kikhoste
Barn som har fått påvist E.coli-infeksjonen (EHEC), som er assosiert med nyreaffeksjon, kan gå tilbake i barnehagen når barnet er klinisk friskt og har tre negative kontrollprøvar tekne med eit mellomrom på 24 timar. Første kontrollprøve vert teke tidlegast to-tre dagar etter at barnet er symptomfri.
Barn som har fått påvist andre typar EHEC enn HUS-assosiert EHEC, kan gå tilbake til barnehagen 48 timar etter at barnet ikkje lenger har diaré og oppkast.
Uvaksinerte barn med sikker diagnose kan venda tilbake til barnehagen ni dagar etter at hevelsen trer inn. Dersom alle dei andre barna er vaksinerte, avgjer allmenntilstanden kva tid barnet kan koma tilbake til barnehagen.
Barnet kan venda tilbake til barnehagen minimum fem dagar etter utbrot av utslett. Dersom barnet er vaksinert, er det lite sannsynleg at utslettsjukdomen er rubella (raude hundar).
Barnet kan venda tilbake til barnehagen når utslettet tek til å tørka inn.
Barnet kan venda tilbake til barnehagen etter at behandling er starta opp.
Barnet kan venda tilbake til barnehagen dagen etter at behandling er starta opp.
Barnet kan venda tilbake til barnehagen dagen etter at behandling er starta opp.
Barnet kan venda tilbake til barnehagen tidlegast fire dagar etter at utslett er vekke og dersom allmenntilstanden elles er god.
Smitterisikoen er størst medan ein har symptom med oppkast og/eller diaré, og barn bør haldast heime i denne perioden. Ein bør venta 48 timer etter at barnet ikkje lenger har diaré og/eller oppkast før det kan koma tilbake til i barnehagen.
Når barnehagen ringjer og seier at barnet er sjuk
Nokre gonger får foreldre telefon frå barnehagen om at barnet er sjukt og må hentast.
Dersom tilsette i barnehagen ser at barnet vert dårleg, er det viktig at dei sier frå til foreldra. Og ofte er det nødvendig at barna vert henta. Sjuke barn skal ikkje vera i barnehagen. Spesielt viktig er dette ved oppkast og diaré. Da må barnet bort frå barnehagen så raskt som mogleg for å avgrensa smittefaren for dei andre barna.
Heime med sjukt barn - igjen!
Særleg dei første par åra i barnehage verker det som om barnet vert smitta av kvart einaste virus som er innom barnehagen. Det er slitsamt både for barnet og foreldra, og det er ikkje alltid så enkelt å måtte vera heime frå jobben – igjen!
Når ein har eitt barn kan ein vera heime med det ved sjukdom i inntil ti dagar per kalenderår. Talet er det same når ein har to barn, men vert utvida til 15 dagar ved tre eller fleire barn. Regelen gjeld til barnet fyller 12 år. Er barnet kronisk sjuk, kan ein søkja om fleire sjukedagar.