Både uteleikeplass og innvendige areal i barnehagen byr på allsidige opplevingar som gir basiskunnskapar for barna våre. Vi vaksne skal vere trygge, nære og aktive medspelarar i barnas oppvekst, i tett samarbeid med foreldre og andre aktuelle samarbeidspartar.
i Desember 2019 hadde vi siste work shop og opplæringsdag innan den nasjonale satsinga på språk, språkløypar. Vi jobber også mykje med implementering av dei ulike tema i Rammeplanen og kvart fagområde har felles fokus i 2 mnd. Personalet har også god kompetanse innan Dei utrulege åra, COS, Mobbing, Relasjonskompetanse med meir.
Dei eldste barna i barnehagen er så heldige at dei får delta på Dinosaurskulen, i Bjorøy barnehage. Denne er veldrevet av dyktige ansatte og ikkje minst motiverande, spennande og lærerikt for barna. (sjå meir i årsplan)
Ta gjerne kontakt med styrar for meir informasjon.
Foto