Vigilo er ustabilt etter vedlikehald

Vigilo er for tida ustabilt etter vedlikehald og modernisering av driftsplattformen i helga. Dette kan blant anna føre til problem med innlogging og kommunikasjon mellom skule, SFO, barnehage og heim. 

Ustabiliteten rammar alle brukarar av Vigilo i større eller mindre grad.

Leverandøren arbeider med å løyse problema. Når Vigilo fungerer som normalt igjen, vil vi sende ut melding til alle føresette via Vigilo.

Dersom de har viktige beskjeder i mellomtida, ber vi dykk kontakte skulen, SFO eller barnehagen på telefon.
Kontaktinformasjon finn de på kommunen si heimeside.

Vi beklagar dei ulempene dette medfører.

Artikkelliste