Vald og overgrep - barn og ungeKjenner du på ein uro? Har du ei dårleg magekjensle rundt kva eit barn eller ein ungdom du kjenner, kan vera utsett for? Saker om overgrep mot barn er kompliserte og fagleg krevjande. Det kan vera nyttig å søkja råd og rettleiing så tidleg som råd, for å sikra at barnet får rett hjelp til rett tid.Bekymra for for vald og overgrep - ta gjerne kontakt: Legevakt 116 117Barnevernvakta 979 98 300Krisesenter for Bergen og omegn 55 31 50 50Sentralbordet 56 16 00 00Overgepsmottaket i BergenDu kan vera anonym når du ringjer.Konsultasjonsteamet for vald og overgrepssakerOm du har mistanke om vald eller overgrep mot barn eller unge, er det teikn du kan sjå etter. Barnet kan:ha endra oppførsel, t.d uro, konsentrasjonsvanskar, trist, redd, aggressivvera inneslutta, fjern, vanskeleg å få kontakt med eller roa nedha fysiske skader som ikkje stemmer med forklaringa som blir gittfortelja deg ting som ikkje kjennes riktigKva er eit konsultasjonsteam?Teamet er meint som eit forum der ein kan for å få hjelp drøfta saker som handlar om vald og overgrep. Det er eit tverretatleg team som skal gi råd og rettleiing i saker der det er mistanke om at eit barn kan vera utsett for:ValdÅ vera vitne til valdSeksuelle overgrepKjønnslemlestingTvangsgifteSSA; Skadeleg Seksuell AtferdSakene kan drøftast anonymt. Teamet har taushetsplikt!Kven er vi?I teamet er det faste representantar frå:BarneverntenestaHelsestasjonKommunepsykologFamilie- og rettleiarsenter (FOR)Rettleiarteam for skulePPTSexologKven kan kontakta oss?Alle som er bekymra for at barn eller unge kan vera utsette for overgrep:Personar som gjennom si yrkesutøving eller frivillig arbeid får ei bekymring; t.d. lærar, barnehagepersonell, SFO-tilsett, trenar, leirleiarPrivatpersonar som foreldre, besteforeldre, naboar eller andre, kan og kontakta teamet Teamet er meint som eit forum der ein kan for å få hjelpKva kan vi hjelpa med?Støtte til å konkretisera bekymringaBidra med fagleg kunnskap rundt konsekvensar for barn som blir utsett for vald eller overgrepGje råd og oppfølging for det vidare arbeidet for å sikra at barnet får rett hjelp til rett tidKorleis ta opp ei sak, kven kan kontaktast?Teamet har faste møter ein gong pr. månad. Ved behov kan teamet kallast inn, på kort varsel, for akutt møte.Oversikt over møter12. mars (fagdag)9. april7. mai4. juniVideo om konsultasjonsteametNyttige lenkjerMeld fra om vold og overgrep mot barn og unge (Bufdir)Æresrelatert vold, negativ sosial kontroll og tvangsekteskap (Bufdir)Nasjonal veiviser ved vold og overgrep (Dinutvei)Brosjyre for Konsultasjonsteamet (PDF, 2 MB) Sist endra 11.04.2024 12.33