BTI nivå 2
Tilvising på konsultasjon:
PPT rår barnehage og skule til å drøfte konsultasjonssaker på kontaktmøta. Dette gjeld og ved vurdering av logoped.
7. Tilvising om rettleiing på konsultasjon. Sak blir oppretta hjå PPT.
8. Ved konsultasjon kan PPT blant anna observere læringsmiljø, ha barne-/elevsamtale, rettleie vaksne, vurdering av logoped.
9. Evaluering av gjennomføring og respons på tiltak (RTI) etter 3 til
6 veker (barnehage/skule). Dersom det er behov for vidare tiltak,
kan det skje med støtte frå PPT.
10. Kall gjerne inn til drøftingsmøte med føresette og barne- hage/skule, og ev. PPT. Gjer vurdering om behov for tilvising med pedagogisk rapport (sakkunnig uttale).
Dersom det blir tilvising på sakkunnig vurdering, må saks-behandlar hjå PPT først avslutte den. Etter det sender føresette og barnehage/skule ut tilvisingsskjema med pedagogisk rapport og saka blir teken inn på nytt hjå PPT.
Pedagogisk rapport barnehage (DOCX, 35 kB)
Pedagogisk rapport skule (DOCX, 62 kB)
Barnehage/skule kan gjerne bruke pedagogisk rapport frå den første bekymringa til det eventuelt blir ei full tilvising hos PPT.
Å ha samla tiltak og effekt av desse alt frå eit tidleg stadium, kan bli viktig informasjon på eit seinare tidspunkt.
Tilvising for sakkunnig vurdering:
12. PPT mottek utfylt skjema for tilvising med pedagogisk rapport. Inntaksteam i PPT gjer inntak.
13. Saksgang ved denne type inntak
- Inntakssamtale med føresette
- Barne-/elevsamtale
- Sakshandsamar lagar framdriftsplan for vidare utgreiing (testing, kartlegging og observasjon)
- Drøfting internt i PPT om tilråding av spesialpedagogisk hjelp/undervisning og omfang, eller om vanskane kan bli teken i vare innan den ordinære opplæringa.
Barnehage: oppvekstleiing fattar enkeltvedtak knytt til spesialpedagogisk hjelp.
Skule: skulen ved rektor fattar enkeltvedtak.