Om ossBrattholmen skule er ein nynorsk-skule. Skulen har undervisning på både nynorsk og bokmål. Skulen har frå hausten 2024, 345 elevar.HistorikkSkulen i området blei bygt i 1876 med materialar frå den gamle kyrkja på Fjell. Det gamle skulehuset står framleis tvers over vegen for noverande skule.I 1955 vart den nye skulen innvidd. Det var den gongen berre den delen som i dag har fasade mot vegen og der administrasjonen er lokalisert.Skulen vart utbygd med nye fløyar på 60- (den gamle B-fløyen), 80- (Klasseromsbygget) og 90-talet (Gym.-fløyen) og i samband med at 6-åringane kom inn i skulen i 1997. Vinteren 2012 fekk vi ny personalfløy og ei større oppgradering og utviding av skulen, både bygningsmessig og når det gjeld uteområdet.Skulen er ein nynorsk-skule, den einaste på Litle-Sotra. Vi har nynorsk-klassar på alle steg, men også bokmålsklassar er oppretta slik at vi har parallelle klassar på alle steg.Skulen har Arefjord bru og riksvegen (Rv555) som grense for inntaksområdet i nord med unnatak av Straumsfjellet (nord og aust). Straumssundet bru er grense i vest.Visjon og målBrattholmen skule ny visjon i 2021: " Saman skapar vi framtida"Skulen kor det skjer livsmeistring, auka kompetanse i alle fag, fokus på tryggleik med rom for mangfald. Menneskesyn Vi vil legge vekt på eit heilskapleg menneskesyn, der barnet får høve til både fagleg, sosial og personleg utvikling. Alle er unike og skal bli behandla ut frå eigne føresetnader. Alle har rett til å bli sett og høyrd. Viktige stikkord: Likeverd, respekt og toleranse. Læringssyn Tryggleik og trivsel er føresetnad for læring. Aktiv læring og utforsking. Tverrfagleg arbeidsmåte Elevane må kunne samarbeide og arbeide sjølvstendig. Elevane treng gode modellar- aldersblanding. Elevdel Dette skal kjenneteikne våre elevar: Elevane skal vere trygge, ha eit godt sjølvbilete og ei positiv personleg utvikling. Elevane skal ha og syne respekt for kvarandre og dei vaksne på skulen: Tiltale og omtale kvarandre med akseptert språkbruk: Ha ansvar for eigen og andre sin eigedom. Ha respekt for at vi alle er ulike. Elevane skal ha ansvar for skulen ved å halde det ryddig og triveleg rundt seg. Vaksendel Personalet ved Brattholmen skule skal kjenne seg trygge. Vi snakkar til kvarandre, ikkje om kvarandre. Vi skal ta vare på kvarandre slik at alle kan: Stole på kvarandre. Be kvarandre om hjelp Syne kjensler Seia kva vi meiner Personalet skal arbeide saman: For at alle elevar skal kjenne seg trygge på skulen. For å få elevane til å sjå nytteverdien av å halde dei reglane vi har på skulen. For å halde det ryddig og triveleg rundt seg. For å syne solidaritet og behandle alle med respekt. Fotogalleri Sist endra 06.08.2024 14.05