Difor
- Viser eleven omsyn og respekt for andre
- Let eleven andre sine ting vera i fred
- Øydelegg eleven ikkje leiken for andre
- Plagar eleven ikkje andre
- Let eleven andre vera i fred på toalettet
- Gjer eleven heimearbeidet sitt
- Har eleven med seg bøker og utstyr på skulen
- Møter eleven til undervisning straks det har ringt inn
- Rettar eleven seg etter det dei vaksne seier
- Brukar eleven ingen ukvemsord/banning
- Er eleven ute i friminutta
- Held eleven seg innafor skulen sitt område
- Kastar eleven ikkje noko på andre. Snøball kastar vi berre på blinkane
- Brukar eleven ikkje tyggegummi og snop på skulen
- Brukar eleven ikkje sykkel, rullebrett og liknande i skuletida
- Har eleven ikkje med farleg reiskap
- Nyttar eleven ikkje mobiltelefon eller anna elektronisk utstyr i skuletida/på skulen sitt område
Brot på ordensreglane kan føra til
· ulike tiltak (viser til vedlegg 1 ”Konsekvensar ved alvorlege brot på ordensreglane”)
· i alvorlege tilfelle bortvising av eleven frå skulen for enkelttimar eller resten av skuledagen (jf. Opplæringslova § 2.10)
Overordna kommunale ordensreglar, vedlegg 2, er ein del av desse reglane. Skulen har ikkje erstatningsansvar for eleven sine personlege eignedeler.
KONSEKVENSAR VED BROT PÅ ORDENSREGLANE:
FRAMGANGSMÅTE VED ALVORLEGE EPISODAR/FARLEG ÅTFERD
Den vaksne som er vitne til hendinga, tek avgjerd om hendinga er av ein slik karakter at ho vert klassifisert som ALVORLEG/FARLEG.
Vi nyttar følgjande oppfølgjing av slike hendingar til vanleg:
- Elevane (dei involverte) skal straks konfronterast av kontaktlærar/SFO leiar med hendinga og få fortelja med eigne ord korleis dei opplevde situasjonen. Om ikkje kontaktlærar kan ta dette med elevane der og då, skal leiinga ved rektor/avdelingsleiar (rektor-vikar) ta denne samtalen. Kontaktlærar registrerer hendinga. Utøvande elev skal gjerast kjent med vidare saksgang dersom han/ho utfører liknande handlingar. Føresette vert kontakta på telefon.
- Ved tilsvarande brot på ordensreglane skal føresette kallast inn til samtale. Møtet skal munna ut i ein kort plan for korleis heimen/eleven tenkjer seg å arbeida med å følgja ordensreglane.
- Ved særleg alvorlege hendingar kan ein gå direkte til tiltak 2. Rektor/avdelingsleiar skal vurdera dette saman med kontaktlærar/SFO leiar.
Alle kontaktlærarar går gjennom denne tiltakskjeda i klassen og på foreldremøte. Vi reknar at situasjonar der elevar nektar å ta mot tilrettevising av vaksne, også kjem i kategorien alvorlege hendingar.
Dette er vedlegg til ordensreglane ved skulen.
Rektor/Kontaktlærar sende ut vedlegget til føresette saman med ordensreglane (vigilo).
Rev. August 2024.