Det at vi er heildigitale avgrensar oss ikkje, men gjer at vi kan oppnå enda meir enn med tradisjonell undervisning. Vi er opptekne av at det er pedagogikken som er det viktigaste og at dei digitale einingane og verktøya set rammene for kva vi kan gjere. Vi er opptekne av å til ei kvar tid bruke dei verktøya og metodane som er mest hensiktsmessige. Difor prøver vi å bruke IKT berre der det gir meir læring og motivasjon. I tillegg til dei fem grunnleggjande dugleikane (skriftleg, munnleg, digital, rekning og lesing) prøver vi også å gi våre elevar dugleikar for det 21.århundret.
Vi har valt at 1. – 3.trinn og innføringsklassa jobbar 1:1 med iPad. 4. – 7.trinn har 1:1 dekning med Chromebook. Vi har alle Office 365 som plattform og OneDrive som lagring, men iPadklassene brukar primært Showbie til deling.
Våren 2017 har kommunen valt å gå inn for G-Suite og Chromebook frå 4. – 10.trinn. Vi vil halde fram med O365 og OneNote som plattform for lagring og deling på mellomtrinnet.
Alle digitale klasser har ein time koding på timeplanen i veka. Denne satsinga kan du lese meir om her.
Kunnskapsbyen i Vest
Vi er ein del av Kunnskapsbyen i Vest, eller Kunnskapsregion Vest som det og vert kalla. Det kan du lese meir om her. Kunnskapsbyen i Vest er eit raudtråd-samarbeid frå barneskule, via ungdomsskule og vidaregåande skule og til næringslivet i vår region. Målet vårt er å utruste elevane våre med den kunnskapen og kompetansen næringslivet vårt treng i framtida.
Historikk
Skuleåret 2014/2015: Ungdomsskulane i kommunen, Fjell og Tranevågen, startar opp med sitt eige digitalprosjekt; Utanfor bok(s)en. Ei åttandeklasse på kvar skule startar opp med 1:1 Surface
Skuleåret 2015/2016: Knappskog skule kjem med i satsinga med vårt eige prosjekt, Digg Læring. Dette skuleåret startar vi opp med ei femteklasse med 1:1 dekning Surface + innføringsklasse med 1:1 iPad.
Skuleåret 2016/2017: 1.trinn startar med iPad og STL+ metoden. Nytt 5.trinn startar opp med 1:1 Surface, finansiert av kommunen. Etter haustferien startar 3.trinn opp med iPad. Etter jul får først 2.trinn iPad før 4.trinn, som førebuing til neste skuleår, får utdelt Surface. 7.trinn har tilgang til 1:1 på elev PCar.
Skuleåret 2017/2018: Alle klasser er fulldigitale ved skulestart