Koding

Målsetjing skuleåret 2018/2019 Knappskog skule.

Alle ordinære klasser har 1 time koding i veka og følgjer læreplan i koding. Heile skulen deltek på kodetimen i desember.

Bakgrunn

I skuleåret 2015/2016 hadde 5.trinn Knappskog skule hatt 1 time koding på timeplanen kvar veke. I tillegg har dei gjennomført Kodetimen. Heile mellomtrinnet gjennomførte Kodetimen på juleverkstad. I tillegg har fleire av småtrinnsklassene vore innom koding, enten gjennom fadderkoding eller Kodetimen/ leksjonar. Alle lærarar har prøvd seg på koding på eit personalmøte via Kodetimen og code.org. I skuleåret 2016/2017 fekk vi fleire digitale klasser. Etter kvart som klassene vart digitale vart koding ein natu  rleg del av timeplanen. Alle klassene på skulen deltok i kodetimen i desember 2016. Frå skulestart 2017 var alle klassene på Knappskog heildigitale og har dermed koding på timeplanen ein time i veka. Det har også blitt avsatt fellestid til koding. Etter kvart som elevane har blitt flinkare å kode, har moglegheitene blitt større. Hausten 2017 byrja vi å jobbe meir med skaparverkstadtanken og elevane fekk i større grad bruke programerbar elektronikk til å kode fysiske objekt. Vinteren 2018 jobbar vi med å bygge opp ein eigen skaparverkstad. Vi har også gått til innkjøp av meir programerabar elektronikk og 3d-printarar.

IPad og lego - Klikk for stort bilete
IPad og lego - Klikk for stort bilete
Lysende elektronisk objekt - Klikk for stort bilete

Digital kompetanse på tvers av fag

Knappskog skule er ein skule som satsar digitalt. Vi ønskjer å vere ein skule som rustar elevane til framtida og som set dei inn i framtida sin kunnskap. Vi ønskjer å vere ein skule som ligg langt framme i den digitale satsinga og vi ønskjer at elevane våre møter og skaffar seg digital kunnskap og kompetanse på tvers av fag. Eit av verktøya for å nå dette målet er koding.

Knappskog skule er ein del av Kunnskapsbyen i Vest – eit samarbeid mellom grunnskule, vidaregåande skule og næringsliv. Ungdomsskulane i kommunen har fått programmering som valfag frå og med skuleåret 2016/2017. Vi ønskjer at våre elevar skal vere rusta til å møte nye programmeringsutfordringar på ungdommstrinnet og at det skal vere ein raud tråd gjennom heile grunnskulen. I kommunen har vi ei stor IT bedrift, Acos som er ein del av Kunnskapsbyen i Vest. Vi ønskjer at våre elevar skal ha framtidas kompetanse og bli utrusta
til den kompetansen lokalmiljøet vårt treng. Samarbeidet med Acos gjer då at elevane våre får eit større bilete av kva programmering kan vere samstundes som elevane får ein smakebit på den kompetansen dei treng for å drive med programmering. Her er ein film frå når representantar frå Acos var på besøk hos oss før jul i 2017.

Meir om kodesatsinga vår kan de lese her.

Her er kodeplanen vår: Læreplan i koding (PDF, 433 kB)

Elevane startar på småtrinnet med ulike appar på iPad og blokkbasert kodespråk. Elevane held fram med det blokkbaserte kodespråket Scratch opp på mellomtrinnet. På mellomtrinnet møter dei også ulik programmerbar elektronikk. Sjå under.

Arduino - Klikk for stort bilete
Drone - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Micro:bit - Klikk for stort bilete
Raspberry Pi - Klikk for stort bilete