Å skrive på nettbrett og å skrive med blyant gir begge belasting. Bretta gir ei anna belastning enn bok, med brett og tastatur bruker ein begge hendene (kjem an på teknikk og oppgåvetype), belastninga vil då fordele seg på begge hendene, og ikkje berre på ei hand. Belastninga kjem og an på grepet ein har når ein skriv, skriving for hand gir meir belastning jo mindre modent grep ein har. Nettbrett i riktig vinkel gir mindre belastning på nakke, dersom bordet også er i rett høgde. Det vil også vere rettare for augene.
Eit eksternt tastatur gir rettare vinkel og det er lettare å bruke to hender og rett skriveteknikk. Utan tastatur og støtte på skjerm vil dei fleste sitte med nakken bøygd ned i bordet for å sjå, og dei vil bruke ein eller to fingrar til å trykke med.
Det er viktig å få inn skrivegrep og skriveretning tidleg, men det er ikkje ei «enten eller» tenking, heller «både og», der handskrift kjem inn som eit supplement til iPaden. Å lære å skrive på iPad er OK så lenge ein også får øve på skrift/skriveretning/blyantgrep.