Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT)

Pedagogisk psykologisk teneste er ein rådgjevande teneste som skal hjelpe barnehagar og skular med å leggje til rette for barn og elevar med særskilde behov. Barnet sitt eller eleven sine utfordringar kan vere knytte til faglege og/eller sosiale vanskar.

Slik jobbar PPT

Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkyndig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for barn i førskulealder og behov for individuell tilrettelagd opplæring for elevar i grunnskulen. Vaksne med rett til grunnskuleopplæring kan òg ha rett til individuell tilrettelagd opplæring. 

PPT samarbeider med barnehagar og skular og bidreg til tidleg innsats for utvikling, læring og inkluderande læringsmiljø. PPT er sakkunnig instans etter barnehagelova.

Kva tilbyr vi?

  • PPT gjev barn og foreldre råd og rettleiing om utvikling, opplæring, trivsel og tilpassing i heim, barnehage og skule. 
  • PPT utgreier og gjev råd om behova til barn for spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelagd opplæring (0 -16 år). 
  • PPT er også sakkunnig for vaksne med behov for individuell tilrettelagd opplæring på området for grunnskulen. 

Tilsette i PP-tenesta har teieplikt. 

Korleis få tilbodet?

Om du som føresett eller elev treng hjelp, kan du venda deg direkte til kontoret vårt eller gjennom barnehagen eller skulen. Fyll ut tilvisingsskjema. Skjemaet vert sendt inn til postmottaket vårt og vidare til PPT. Er du vaksen kan du tilvise deg sjølv, eller få hjelp frå vaksenopplæringa.

Rettleiing til barnehagar og skular

PPT kan gje råd og rettleiing til barnehagar og skuler om barn som ikkje er tilvist til oss, etter at føresette har samtykt til det. 
Barnehage og skule kan venda seg direkte til sin kontaktperson i PPT. Føresette kan og ta kontakt direkte med PPT.

Informasjon om spesialundervisning på fleire språk