Kva er MOT?
- MOT er ein haldningsskapande organisasjon som jobbar for og med ungdom.
- Målet til MOT er å bidra til robuste ungdomar og trygge ungdomsmiljø.
- MOT skal skapa robust ungdom og trygge miljø gjennom filosofien til MOT, program, tiltak og logo: "MOT skal vera framgangsmåte til å nå ungdom på ein Ungdommelig Mulighetsfokusert og Oppriktig måte."
- Prinsipp: jobba i forkant, sjå heile mennesket, forsterka det positive og bruka ansvarlege kulturbyggjarar til å inkludera andre.
MOT har livet til ungdom i sentrum.
MOT bevisstgjer ungdom til å ta eigne val og visa mot.
MOT til å leva, MOT til å bry seg, MOT til å seia nei.
Modell
Lokalsamfunn med MOT er en heilskapsmodell:
- Der toppleiarane i lokalsamfunnet og skulane har eigarskap til MOT og ser stor glede av MOT sitt haldningsarbeid.
- Der MOT er en raud tråd på arenaene til ungdommen – m.a gjennom program i skulen, tiltak på fritidsarenaen, kommunikasjon i media og tilgjengeleg symbol for identiteten slik at det å ta eigne val og mot til å bry seg kan verta ein livstil for ungdom som ønskjer det.
- Som har eit tamburinteam – lokale team med forskjellige roller frå forskjellige samfunnsgrupper, som skapar felles forståing og deler kunnskap og inspirasjon.
Visjon
Varmare og tryggare samfunn.
- Varmare
Meir kjærleik, omsorg, positive verdiar, tillit og lidenskap. Atmosfære der vi føler oss sett og stadfesta.
- Tryggare
Mer fastheit, stabilitet, påliteligheit, rammer, forutsigbarheit, tilbakemeldinger og tydeleg kommunikasjon. Sterkare haldningar og bevisstheit.
- Samfunn
Samfunn er hei vera, eit land eller et lokalsamfunn. Samfunn inkludera mellommenneskelige relasjonar i alle aldre, organiserte eller uorganiserte, bevisste eller ubevisste. Samfunn har menneske med lik eller ulik bakgrunn, legning, hudfarge, religion, politisk ideologi, interesse og mål.
MOT-namnet vart vald på grunn av styrken i ordet. Mot er den viktigaste eigenskapen eit menneske kan ha. MOT er nødvendig for integritet.
Elitelag i fotball har spelt med MOT på ryggen sidan 1997. MOT vert finansiert av stat, kommunar, skular, stiftingar og næringsliv.
Samarbeidspartnarar
Mot samarbeider med ulike bedrifter og næringsliv over heile Norge.