Eksamen 2025
Sentraltgitt eksamen (skriftleg eksamen)
Kvar elev kjem opp i ett fag. Skulen kan få grupper opp i alle tre faga (matematikk, norsk, engelsk). Frammøte på eksamensdagen er 08.30. Prøven startar kl. 09.00.
Alle elevane får melding om fag fredag 16.05.25 mai kl. 09.00.
Måndag 19. mai Lokal førebuingsdag skriftleg eksamen alle tre faga
Tysdag 20. mai Eksamen i matematikk
Onsdag 21 mai Eksamen i norsk hovudmål
Torsdag 22. mai Eksamen i norsk sidemål
Fredag 23. mai Eksamen i engelsk
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter i sidemål, skal berre ha eksamen i norsk hovudmål. Førebuingsdagane er skuledagar med møteplikt.
Lokalgitt eksamen (munnleg og munnleg-praktisk eksamen)
Faga elevane kan komme opp i er: norsk, matematikk, engelsk, tilvalsfag, samfunnsfag, krle, naturfag. Kvar elev kan komme opp i eitt fag.
Eksamensdato kjem
Ved sjukdom
Om ein er sjuk på eksamensdagen/-e så må ei sjukemelding leverast samme dag før kl. 16.00 for at eleven skal få godkjent fråver. Om ein har godkjent fråver vert ikkje eksamenskarakteren rekna med i snittet til eleven. Utan gyldig fråver vert dette tellande som 0 og merka som ikkje møtt på vitnemålet.