Tilvalsfag (språk)Tilvalsfag/framandspråk Fransk Spansk Tysk Fordjupning i engelsk ALF Dette gjeld for alle faga Faga vert vurdert med karakter – elevane vert trekt ut til munnleg eksamen – karakterane tell ved inntak til vidaregåande opplæring – alle alternativa gjev rett til inntak til alle 15 utdanningsprogramma i den vidaregåande skulen. Studieførebuande utdanningsprogram Elevar som vel eit studieførebuande utdanningsprogram, må ha eit 2. framandspråk. (studiespesialisering, idrettsfag, musikk/dans/drama, kunst, design og arkitektur, medier og kommunikasjon). Elevar som har hatt språk i 8 -10 klasse, har framandspråk i VG1 og VG2. Elevar utan framandspråk i 8 -10 klasse, må ha framandspråk i VG1, VG2 og VG3. Elevar som vel yrkesfag har ikkje 2. framandspråk I dei studieførebuande utdanningsprogramma vil elevar som må ha framandspråk i VG3 ikkje ha timar til naudsynte programfag. Ikkje alle vidaregåande skular gjev framandspråk i vg3. Vel språk dersom studieførebuande utdanningsprogram Elevar som allereie no veit dei vil velje eit studieførebuande utdanningsprogram bør velgje framandspråk på ungdomsskulen. Elevar kan og få studiekompetanse gjennom yrkesfaga. Sist endra 27.02.2023 12.35