Du kan ta kontakt med læreren din, helsesøster, dine føresette, vener, trenar eller andre du kjenner.
Trygg i fellesskap-modellen
Trykk på rutene i modellen under for å lære meir om områda i modellen.

Trygg i fellesskap
Målsetjinga til TRYGG I FELLESSKAP er å førebyggja og å redusera omfanget av mobbing og å hjelpe til slik at alle barn har det trygt og godt i Øygarden kommune – og å sikra at mobbing vert avdekt og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge.
Følg TRYGG I FELLESSKAP på Facebook
Kva er mobbing?
Mobbing er handlingar frå vaksne eller barn/ungdom som krenkjer opplevinga til ein person av å høyra til og vera betydningsfull for fellesskapet.