Om ossFoldnes skule ligg på Litle Sotra i Øygarden kommune, om lag 15 minutt frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer ein liten del av Straume, Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med om lag 285 elevar fordelt på 14. klassar.Foldnes skule har ein byggmasse på tre bygg:Det største bygget inneheld SFO, og klasseromma til 1., 2. og 3. trinn, samt alle spesialrom.Midtbygget inneheld klasseromma til 5. ,6. og 7. trinn.Administrasjonsbygget inneheld administrasjon, arbeidsro, personalrom og klasseromma til 4. trinn.VisjonFoldnes skule fremjar kunnskap, meistring og begeistring i eit trygt og triveleg læringsmiljø.Vår skuledagSkuledagen startar kl 08.35 for alle klassar. Klassene er ferdig på ulike tidpunkt.1. klassekl. 13.15 måndag t.o.m. fredagkl. 12.00 tysdag2., 3. og 4. klassekl. 13.15 måndag t.o.m. fredag5. og 6. klassekl. 14.00 måndag, onsdag og torsdagkl. 13.15 tysdag og fredag7. klassekl. 14.00 måndag, onsdag, torsdag og fredagkl. 13.15 tysdagFotogalleri TrivselsreglarPå skulen er alle like viktige og verdifulle!Alle er vi forskjellige, men vi skal vise respekt for kvarandre.Alle på skulen vår:Samarbeida og viser omsorg.Oppmuntrar og hjelper kvarandre.Kjem fram til semje om felles løysningar i arbeid og lek.Vi tek ansvar for:Eigne handlingar.Eiga læring.For ro og orden.Vi er:Høflege og viser omsyn.Snakkar til kvarandre og om kvarandre på ein skikkeleg måte.Tek alle med i leiken.Godt humør gjer skuledagen betre! Sist endra 08.10.2024 10.18