I tillegg til å ha positiv innverknad fysisk og motorisk, kan fysisk aktivitet fremje konsentrasjon, læring, meistring og sosial utvikling. Videre har fysisk aktivitet positiv innverknad på humør og livskvalitet, og kan bidra til å redusere stress, samt gi betre søvn. Fysisk meistring gir òg betre sjølvtillit, uansett alder (2, 3).
Med eit generelt synkande aktivitetsnivå hos skulebarn er det viktig at vaksne bidrar til å gje barna gode og positive aktivitetsvanar. Helsedirektoratet tilrår at barn er fysisk aktive i minst 60 minutt kvar dag, og helst har høg puls ein del av denne tida. Barn treng aktivitet både i skuletida og på fritida (4).
Tiltak i “Helsefremmande skule”-satsinga knytt til tema fysisk aktivitet:
Brosjyren (PDF, 4 MB) har fokus på positive effektar av fysisk aktivitet, korleis oppnå gode vanar rundt aktivitet samt konkrete forslag til korleis auke aktivitetsnivået. Skulen sender ut brosjyren i Vigilo til føresette årleg.
- Formålet med fokusveka er å auke aktivitetsnivået til elevane, gje bevegelsesglede og kunnskap om fordelane med fysisk aktivitet.
- I fokusveka ønskjer vi at elevane skal vere mest mogleg aktive, og at det er eit særleg fokus på å inkludere fysisk aktiv læring i undervisninga, samt fokus på organisert aktivitet i friminutt og SFO. I fokusveka tilrår vi også å oppfordre føresette og elevar til aktiv skuleveg for dei som har høve til dette.
Ava og Orberto er maskotane til “Helsefremmande skule”. For å sikre ein rød tråd gjennom skuleåret kjem maskotane Ava og Orberto med påminning på vekeplanen ca. ein gong i månaden om tema knytt til smart mat og fysisk aktivitet.
- Fysisk aktiv læring (FAL) handlar om å integrere bevegelse i undervisninga. Det er eit pedagogisk metodeval der læraren legg til rette for at elevane jobbar med undervisningsoppgåver samtidig som dei er i fysisk aktivitet. Målet er å skape bevegelse i undervisningsøkter.
- Les meir om fysisk aktiv læring her: Fysisk aktivitet i undervisningen - MHFA
Aktivitetspausar er kortvarige, aktive pausar med aktivitet i klasserommet. Avbrekka kan betre læringssituasjonen og gje elevane ein pause frå stillesittande aktivitet.
- SFO skal vere ein arena som legg til rette for fysisk aktivitet som kan fremje barna sin bevegelsesglede og motoriske utvikling. Organisert fysisk aktivitet kan vere eit godt hjelpemiddel for å inkludere alle barna i fysisk aktivitet, også dei som fell utanfor barnestyrt leik.
- For meir info om fysisk aktivitet i friminutt og SFO, sjå video her: Fysisk aktivitet og bevegelsesglede - MHFA.
Kjelder og nyttige lenkjer
(1) Kunnskapssenter for utdanning: Hvordan fysisk aktivitet i skolen kan fremme elevers helse, læringsmiljø og læringsutbytte
(2) Barn og fysisk aktivitet - en gave for livet
(3) Helse norge: Hva fysisk aktivitet gjør med kroppen
(4) Nasjonale faglege råd om fysisk aktivitet i forebygging og behandling
(5) Kostverktøyet - fysisk aktivitet
(6) Tips for å holde familien sunn og aktiv - NHI.no
(7) Sprekere elever - bedre hukommelse og oppmerksomhet - NHI.no
(8) Fysisk aktivitet og bevegelsesglede - MHFA