Satsinga «Helsefremmande skule» bygger på Nasjonale anbefalingar for fysisk aktivitet for barn og unge (1), Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen (2), læreplanverket med tverrfaglege emne og kompetansemål (3), Nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjon- og skulehelsetenesta (4) og Nasjonale faglege råd om lokale folkehelsetiltak (5).
Føremålet med «Helsefremmande skule» er å fremme gode levevanar som verkar positivt på helse, trivsel, utvikling og læring hos elevane. Satsinga skal gi auka kompetanse hos elevar, føresette og tilsette ved skulen på samanhengen mellom fysisk aktivitet, smart mat og helse.
For å kunne kalle seg ein «Helsefremmande skule» skal følgjande kriteria vere oppfylt:
- Helsefremmande arbeid er forankra i skulen
- Alle elevar er fysisk aktive minst 60 minutt i løpet av skuledagen
- Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen blir følgt
- Skulen og skulehelsetenesta samarbeider om helsefremmande arbeid
- Skulen har gode rutinar for samarbeid med, og medverknad frå, elevar og føresette
I løpet av skuleåret vil skulen gjennomføre ein tiltakspakke som mellom anna består av:
- Fokusveke: «Smart mat i sekken» og «Aktive skulebarn»
- Brosjyre: «Smart mat for skulebarn» og «Aktive skulebarn»
- Anbefalingar for smart mat i skule og SFO
- Tiltak for at barna skal vere fysisk aktive i minst 60 minutt i løpet av skuledagen
- Gode tips på vekeplanen om smart mat og fysisk aktivitet frå «Ava og Orberto», maskotane til «Helsefremmande skule»
Kjelder
(1) Helsedirektoratet (2022). Nasjonale faglige råd om fysisk aktivitet i forebygging og behandling
(2) Helsedirektoratet (2015). Nasjonal faglig retningslinje for mat og måltider i skolen
(3) Utdanningsdirektoratet (2024): Læreplanverket: Læreplanverket
(4) Helsedirektoratet (2017). Nasjonal faglig retningslinje for det helsefremmende og forebyggende arbeidet i helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom
(5) Helsedirektoratet (2016). Nasjonale faglige råd for lokale folkehelsetiltak – veiviser for kommunen