Om oss

Hamramyra barnehage er ein kommunal barnehage som starta opp i august 2012. Sommaren 2017 vart barnehagen flytta over i nye flotte lokaler og utvida til 6 avdelingar. Vi har pr. i dag to småbarnsavdeling, to mellomavdeling og to storbarnsavdelingar med.

Barnehagen ligg sentralt til på Ågotnes. Vi heldt til mellom Ågotnes barnehage og Ågotnes skule. Barnehagen grensar til eit spennande friområde med flott skogsterreng, vatn og sjø, idrettsanlegg og fotballbaner. Her ligg alt til rette for fysisk utfalding, rike naturopplevingar og god læring.

Vi har pr. i dag 13 pedagogar tilsett, 1 spesialpedagog, 11 barne- og ungdomsarbeidar og 4 pedagogiske medarbeidare . Vi er ei lærebedrift som har to lærlingar frå hausten av og vi tek imot studentar frå barnehagelærarutdanninga, elever frå vidaregåande skule samt personar i arbeidspraksis.

Visjon

Visjon for arbeidet vårt er å gje barna den beste starten på livet. Vi skal være nære og trygge vaksne og i barnehagen vår skal det være godt å vera.