Praktisk informasjon

Dagsrytma i barnehagen er eit fast haldepunkt som gjer dagane føreseieleg for barna, det gjer tryggleik og er deira høve til å ha oversikt over tida. Det skapar også gode arbeidsforhold for det pedagogiske arbeidet på avdelingane. Dagsrytma varierer litt frå avdeling til avdeling.

Dagen vår

Dagen vår
Klokkeslett Aktivitet
07.00 - 08.00 Barnehagen opnar. Roleg leik på avdelingane (To og to avdelingar samarbeider i start og slutt på dagen). Mosepjusken - Blåbærtua, Skogstjerne - Revehiet, Lyngtusleren - Skogtrollet
08.15 - 08.45 Frukost – barna har med seg eigen mat. Barnehagen serverar drikke
09.30 - 11.30 Organiserte aktivitetar, samlingsstund, leikegrupper, prosjektarbeid, uteleik, turgrupper.
10.00 - 11.00 Dinoskule/prosjektgrupper (tyrsdag10.00-11.00/ torsdag 10.00-11.00)
11.15 - 11.45 Lunsj – barnehagen serverer lunsj. Varmlunsj ein dag i veka. (Ulik dag frå avdeling til avdeling)
11.45 Sovetid for dei minste barna
12.00 Kvilestund for Revehiet og Skogstjerne
12.00 - 12.30 Påkledning for dei eldste
12.30 - 14.30 Uteleik/inneleik
14.15 - 14.30 Kvilestund Lyngtuslaren og Skogtrollet
14.00 Fruktmåltid for småbarnsavdelingane barnehagen serverer frukt og brødmat
14.30 - 15.00 Fruktmåltid for avdelingane med store barn – barnehagen serverer frukt og brødmat (ein dag i veka serverer barnehagen yoghurt).
15.00 - 17.00 Roleg aktivitet på avdelingane. To og to avdelingar samarbeider om morgonen. Frå kl. 16.30 samlast alle avdelingane ute på framsida av barnehagen.

Nyttig informasjon