Livet i bevegelse - For deg som ønskjer gode kvardagar

Å leve med helseutfordringar kan føre til store forandringar i kvardagen. Livet i bevegelse er eit kurs med fokus på dei gode tinga i kvardagen. Målet er å gje deltakarane tru på eigne ressursar for sjølv å skape seg gode kvardagar.

 

Dato
14. oktober 2024
Tid
12:00 - 14:00
Stad
Øygarden Lokalmedisinske Senter, 2. etg. kurslokalene til Friskliv og Meistring
Stabling av steiner - Klikk for stort bilete

Målgruppe

Kurset er for personar over 18 år som har langvarig sjukdom, nedsett funksjonsevne, langvarig psykiske eller fysiske belastningar eller kreft. Pårørande kan og delta.

Kurset er for deg som ønskjer:

  • Bli meir medviten om ulike verktøy for å ha gode kvardagar
  • Oppdage og utvikle tru på eigne ressursar
  • Møte andre som lever med helseutfordringar
  • Moglegheit for å dele eigne erfaringar

Innhald

Kurset har 5 samlingar på 2 timar. Tema for samlingane er:

  • Kvardagsglede
  • Tankens kraft
  • Tilstade i eige liv
  • Tru på eigne ressursar
  • I balanse

Vi jobbar med desse tema på ulike måtar og du vil få moglegheit til både å høyre, snakke, reflektere og øve i gruppa.

Oversikt over datoar

Kurset blir heldt to gonger i året med oppstart på hausten og på våren.
Haustens kurs har oppstart måndag 14. oktober 2024.

  • Dag 1: måndag 14. oktober kl. 12.00 - 14.00
  • Dag 2: måndag 21. oktober kl. 12.00 - 14.00
  • Dag 3: måndag 28. oktober kl. 12.00 - 14.00
  • Dag 4: måndag 11. november kl. 12.00 - 14.00
  • Dag 5: måndag 18. november kl. 12.00 - 14.00

Pris

Kurset kostar kr. 200 som dekker kursmateriell.

Påmelding

Du kan melde deg på direkte til Friskliv og Meistring på e-post Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller på telefon 55 09 68 50.
Ikkje oppgi sensitiv informasjon på e-post. 

Din fastlege kan også tilvise til oss ved å fylle ut Frisklivsresept.

Arrangør

Friskliv og meistring