Tankevirus - Kurs for elevar og ungdom i oppfølgingstenesta

I samarbeid Opplæring i Vestland Fylkeskommune blir det arrangert Tankeviruskurs for bestemte målgrupper.

Dato
21. oktober 2024
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Microsoft Teams

Om kurset

Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus. 

Kva er tankevirus?

Tankevirus er også tilgjengeleg som app (gratis). Den er kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helsedepartementet. I 2022 var det 100 000 personar som lasta ned appen. 7 av 10 opplev betring.

Når vert det kurs og for kven?

Kurset for elevar vert arrangert 21., og 28 oktober, klokka 18.00 - 20.00. Kurset vil vere digitalt og alle vil få ei møtelenkje i forkant av kurset. 
Dette kurset er forbeholdt ungdom i opplæring i bedrift i Vestland. Kurset vil vere tilpassa desse deltakarane. 

Kursform

Digitalt på Teams. Deltakarar kan vere anonym, og deltek utan kamera og lyd. 

Omfang

2 samlingar på 2 timer. Du må setje av begge datoane. 

Påmelding

Påmelding til dei ulike kursa finn du her

Arrangør

Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen arrangerer kursa i Tankevirus.