Øygardskonferansen 2024 | Vidsyn Vilje Visjon

Vi løftar blikket ut i verda for å søka nye perspektiv og ei breiare forståing av oss sjølv.

Dato
8. november 2024
Tid
9:00 - 23:00
Stad
Panorama Hotell & Resort

Visste du at over 7000 menneske frå 50 ulike nasjonar allereie har besøkt mottaksanlegget for CO2?

I haust opnar anlegget som blir ein spydspiss for grøn omstillingsvilje i Noreg, og verda sine auge vil i endå større grad vera retta hit.

  • Kva visjonar bør næringlivet lokalt ha når verdas første CCS-anlegg av sitt slag opnar i Øygarden?

Jo, ressursane våre vert viktig for å få til samfunnsomstillinga vi er i gang med. Kompetansen vi har opparbeid innan alle havnæringane er ein stor fordel vi må nytte aktivt i utviklinga av dei nye, grøne næringane.

Øygardskonferansen 2024 vil vise deg kvifor Øygarden stikk seg ut i verda, og kva næringslivet her bidrar med globalt innan fleire næringar.

Vi legg opp til ein konferanse med samtalar, debatt, intervju og innlegg frå scena som handlar om:

  • Kva moglegheiter har næringslivet når verda ser til oss?
  • Kva moglegheiter har næringslivet når vi vender blikket utover?

Konferansierar er Finn Tokvam og Halvor Folgerø.

Årsfesten

Om kvelden samme dag arrangerer Vest Næringsråd årsfest for alle medlemsbedriftene. Skal du på konferansen først og vidare til årsfesten, får du i mellomtida bli med på Strilapub på hotellet med mat og drikke. Du kan også nytte tida imellom fritt i den flotte velværeavdelinga på hotellet.

Årsfesten er ein viktig arena for næringslivet der du får trerettars middag, underhaldning og musikk. Vi deler også ut heidersprisane «Årets Bedrift» og «Årets Fyrtårn».

Glimt frå konferansen i 2023: