-
Dato
-
6. november 2024
-
Tid
-
12:30 - 14:00
-
Stad
-
Grønatunet fellesrom, Grønamyrsvegen, Straume
Stad
Grønatunet fellesrom, Grønamyrvegen, 5353 Straume v/ Einarsengården og Radio Sotra (ein kan ut frå Bunnpris og opp bakken).Kven kan få tilbodet?
Aktivitetstilbodet Demenskor inngår som del av handle- og kulturtilbodet TREFF+.
Demenskoret er spesielt lagt til rette for songglade yngre og eldre personar som har utfordringar med hukommelse og/eller demenssjukdom. Tilbodet er eit lågterskeltilbod.
Kva kan du få hjelp til?
Øvingslokale ligg sentralt på Straume, ved Sartor Storsenter, Grønatunet fellesrom. Der vil du bli møtt av trivelege frivillige, og dyktige dirigentar/musikkterapeutar frå Øygarden kulturskule. Fellesskap, songglede og hyggelege omgjevnader er noko av det du vil oppleve på dette tilbodet.
Transport
Transport t/r kan tilbys ved nærare avtale.
Påmelding
Dette tilbodet er ikkje søknadspliktig.
Påmelding til rektor ved Øygarden kulturskule, Bjørn Andersen, telefon 906 56 836 (Dersom ikkje kontakt, send gjerne SMS).
Spørsmål om tilbodet
Ved spørsmål om tilbodet kan vere aktuelt for nettopp deg, ta gjerne kontakt med Demenskoordinator, telefon 911 14 110.
Samarbeid
Demenskoret er eit samarbeid mellom Sartor Storsenter, TREFF+, Demensforeininga i Fjell, Sund og Øygarden og Øygarden kommune.
Arrangør
Hovudsponsor