Drop-in-kurs: Korleis støtte engstelege barn

Dato
21. november 2024
Tid
14:00 - 15:30
Stad
Bibliotekscena | Innbyggartorg og bibliotek | Sartor Storsenter

Det er vanleg at barn og unge opplever engstelse i ulike situasjonar og i periodar. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer i ein periode før den slepp taket. Nokre barn treng ekstra støtte frå dei vaksne rundt seg for å handtere engstelse. Kommunepsykologane inviterer til kurs der vi ser på korleis vi kan forstå følelsen frykt og gjennomgår prinsipp frå behandling. Kurset er aktuelt for foresette og tilsette i kommunen som arbeider med barn. 

Det er inga påmelding og arrangementet er gratis. Velkomen!

Arrangør: Kommunepsykologane i Øygarden