Vanar for livet – eit familiebasert livsstilskurs

Eit familiebasert livsstilskurs for familiar som har barn i alder 8-12 år (+/-) med overvekt eller fedme. Familien må ønskje, og sjå behov for å gjere endringar i kosthald og fysisk aktivitet. Kurset består av samtalegrupper, praktiske øvingar, fysisk aktivitet og bevegelseglede og heimeoppgåver. Kurset haldast ein gong årleg.

 

Dato
23. oktober 2024
Tid
17:15 - 19:15
Stad
Øygarden Lokalmedisinske Senter, 2. etg. kurslokalene til Friskliv og Meistring

Målgruppe

Kurset er for familiar som har barn i alder 8–12 år (+/-) med uønskt vektauke eller overvekt. Kurset er for familiar som vil: 

  • ta gode val i kvardagen – for heile familien
  • bli meir medvitne på eigne val 
  • jobbe med grensesetting 
  • finne gode alternativ til kos og påskjønning 

Innhald

Tema for samlingane er:

  • Kom i gang - Korleis kome i gong med endring
  • Klare mål - Korleis oppnå gode vanar
  • Ta kontroll - Om å setje grenser og ta ansvar for gode val og vanar
  • Behovet bak følelsen - Om regulering av følelsar
  • Kva viss... - Gode grunnar til å ta gode val
  • Å vera til stades - Korleis ete for god helse
  • Full fart - Om kvardagsaktivitet og ein kropp i bevegelse
  • Smart mat for god helse - Om kva kroppen treng for å vekse og fungere som den skal
  • Tankens kraft - Korleis tankane påverkar handlingane våre, og korleis få fram dei gode tankane
  • Hald ut! - Om vegen vidare – på eigenhand

Vi jobbar med desse tema på ulike måtar, både gjennom samtale og refleksjon, praktiske øvingar og fysisk aktivitet, rørsleglede og heimeoppgåver.

Første samling er for foreldre, resten av samlingane er for både foreldre og barn. Nokre dagar er vi samla, og nokre dagar vil foreldre og barn bli delt i grupper kvar for seg.

Omfang/kursdatoar

Kurset har 10 samlingar på to timar over 6 månader. 

2024/2025:

  • Onsdag 23. oktober kl. 17.15 - 19.15
  • Onsdag 6. november kl. 17.15 - 19.15
  • Onsdag 20. november kl. 17.15 - 19.15
  • Onsdag 4. desember kl. 17.15 - 19.15
  • Onsdag 8. januar kl. 17.15 - 19.15
  • Onsdag 29. januar kl. 17.15 - 19.15
  • Onsdag 19. februar kl. 17.15 - 19.15
  • Onsdag 12. mars kl. 17.15 - 19.15
  • Onsdag 2. april kl. 17.15 - 19.15
  • Onsdag 23. april kl. 17.15 - 19.15

Pris

Kurset kostar totalt kr. 600,- per familie som inkluderer kveldsmat og kursmateriell.

Påmelding

Ta kontakt med skulehelsetenesta (helsesjukepleiar/skulelege) for spørsmål og påmelding. Du kan òg kontakte Friskliv og meistring på e-post: Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller telefon 55 09 68 50

Arrangør

Friskliv og meistring.