Lynghaugen

Mellomavdeling med barn i alderen 3- 4 år. Vi er per i dag 17 barn på avdelinga. 

På Lynghaugen har vi fokus på trivsel og tryggleik, i tillegg er humor og glede viktige faktorar i barnehagekvardagen vår. Vi er opptekne av å styrke barns sosiale kompetanse, og vaksne som er støttespelarar i barns relasjonsbygging. Bøker, sang, musikk, regler, forteljingar og eventyr brukast til å styrke barnas sosiale kompetanse og språkutvikling. 

Barns medverknad er grunnleggande i det daglege arbeidet og vi tek utgangspunkt i barnas interesser i kvardagssituasjonar og i planleggingsarbeid. 

Vi ynskjer å fremje rørsleglede og motorisk utvikling i form av fysisk aktivitet og fysisk utfolding. Boltreleik, leik i naturen, nærområdet og barnehagens uteareal brukast kvar dag til å fremje dette. 

Vi arbeidar med faste tema gjennom året . Ein av dei er "fokusbarn"  der barnet blir satt i ekstra fokus i den gitte perioden. Når barnet er i fokus fremjast barnets eigenskapar, interesser og vennskap blir satt i fokus. Med eit tett foreldresamarbeid blir foreldre involvert slik at vi blir betre kjent med barnets kvardag og familieliv.  

Fireåringane får være med i språkgruppe som er meint å styrke barnas språkutvikling i mindre grupper. Der får barna saman med dei vaksne ei tryggleik til å vere med å bruke språket via rim og regler, lytteøvingar, høgtlesing, teikning og samtalar. Samt bruk av anna språkmateriale og konkretar som er med å stimulere språkutviklinga. 

Malt kunst laga av barn - Klikk for stort bilete
Lesekroken inne på avdelinga - Klikk for stort bilete
Barn som teiknar - Klikk for stort bilete
Malte trolldeigfigurar - Klikk for stort bilete
Malte trolldeigfigurar - Klikk for stort bilete
Leikekassar og reol inne på avdelinga - Klikk for stort bilete
Leikekassar og reol inne på avdelinga - Klikk for stort bilete
Frukt - Klikk for stort bilete
Leik ute ved seilebanen i snøen - Klikk for stort bilete
Potet-trykk - Klikk for stort bilete
Kunst ute i sandkassa - Klikk for stort bilete
Bamse laga med sandfigur i sandkassa - Klikk for stort bilete
Barn som speler - Klikk for stort bilete
Barn som holder er plansje - Klikk for stort bilete
I skogen - Klikk for stort bilete
Barn som leiker i skogen - Klikk for stort bilete
Landart - Klikk for stort bilete
I skogen - Klikk for stort bilete
Såing av solsikke - Klikk for stort bilete
Såing av solsikke - Klikk for stort bilete
Kunst laga av blomster - Klikk for stort bilete
Barn på tur - Klikk for stort bilete
Ha ein fin dag laga av murstein - Klikk for stort bilete