Søkje, svare, endre eller seie opp barnehageplass

Nytt barnehageår startar 15. august. For å ha rett på tilbod om barnehageplass ved hovudopptaket, må du søkja innan 1. mars, og barnet må vera fylt 1 år innan 30. november det året det vert søkt om plass frå.

Hovudopptak

Barn med lovfesta rett til plass er garantert eit tilbod ved hovudopptaket, og denne retten er innfridd når du får eit tilbod om barnehageplass i ein barnehage i bustadskommunen. Dette er barn som oppfyller følgjande kriterium:

  • Søkjar innan fristen 1. mars
  • Fyller 1 år innan utgongen av november det året det vert søkt om plass frå
  • Er busett i Øygarden kommune når nytt barnehageår tek til i august
  • Ønskjer oppstart hausten inneværande år
  • Har ikkje barnehageplass i Øygarden pr. 1. mars

Barn som fyller 1 år innan august, har rett på eit tilbod frå august. Barn som fyller 1 år i løpet av september, oktober og november, har rett på eit tilbod frå den månaden barnet fyller 1 år.

Barn utan lovfesta rett vil få tilbod om barnehageplass dersom det er ledig plass når hovudopptaket er avslutta. Hovudopptaket vert avslutta når alle med lovfesta rett til plass har fått eit tilbod. 

Lovfesta rett til barnehageplass er oppfylt når du får eit tilbod om plass i Øygarden kommune, uavhengig av om du får tilbod om plass i ønska barnehage eller annan barnehage.

Søk om barnehageplass

Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar. Når du søkjer må du logge deg inn med BankID. Du må ha personnummer til deg sjølv og barnet, e-postadresse og mobilnummer. Dersom du venter på personnummer, må du ta kontakt med barnehagemynde på telefon 56 16 00 00.

Det er berre den/dei som har foreldreansvar som kan søkje, endra og seia opp barnehageplass. Personopplysningane vert henta frå Folkeregisteret og Kontakt- og reservasjonsregisteret, og foreldra må sørgja for at informasjonen er riktig. Foreldreansvar endrar du inn i Folkeregisteret og kontaktinformasjon oppdaterer du inn i Kontakt- og reservasjonsregisteret.

Foreldre som skal søkja barnehageplass til barn som ikkje har plass frå før, må bruka eiga lenke:

Søk ny barnehageplass

Når plass er tildelt, kan du gjera endringar via Vigilo foreldreportal:

Søk om overføring/endra plasstype i Vigilo foreldreportal

Her finn du:

 

Svar på tilbod om barnehageplass

Svar på tilbod om barnehageplass vert sendt elektronisk til e-post registrert i kontakt- og reservasjonsregisteret. Du må svara på tilbodet i søknadsportalen. Dersom ikkje svar vert registrert innan fristen, kan du mista tilbodet om plass, og må evnt. registrera ny søknad.

Oppseing, permisjon og endre plass