TryggEst - vern for risikoutsette vaksneEr du utsett for vald og/eller overgrep? Eller uroa for andre? Det er fleire stader du kan få hjelp om du er utsett for, eller lurer på om du er utsett for vald eller overgrep. Bekymra for vald og overgrep, ta gjerne kontakt: Legevakt 116 117 Barnevernvakta 979 98 300 Fastlege Krisesenter for Bergen og omegn 55 31 50 50 Overgepsmottaket i Bergen Sentralbordet 56 16 00 00 Du kan ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800 eller om du er i akutt fare 112. Du kan være anonym når du ringjer. Du treng ikkje å vera sikker på at det du har opplevd er ulovleg for å melde frå. Det er uansett viktig at du fortel nokon om det du har opplevd slik at du kan få hjelp. I Øygarden kommune kan TryggEst teamet hjelpe deg. TryggEst skal bidra til å forhindre, avdekke og handtere vald og overgrep mot vaksne som treng hjelp til å beskytte seg sjølv. I Øygarden kommune kan du kontakte TryggEst teamet både om du er bekymra for ein person eller om du sjølv er utsett for vald eller overgrep. TryggEst-teamet består av erfarne personar med kompetanse på det å handtere vald og overgrep. Ta kontakt på telefon 56 16 08 00 måndag til fredag kl. 08.30 - 15.00. Kva skjer når jeg kontakter TryggeEst? Nyttige lenkjer Bufdir: TryggEst - vern for risikoutsatte voksen Sist endra 13.04.2023 11.00