"Riverso" av Open window Theatre

Tysdag 17. september var vi ein heldig gjeng på 12 barn og 5 vaksne frå småbarnsavdelingane som fekk dra for å sjå teaterstykket «Riverso» på Den Nasjonale Scenen i Bergen.

12 barn og 5 vaksne frå småbarnsavdelingane som fekk dra for å sjå teaterstykket «Riverso» på Den Nasjonale Scenen i Bergen - Klikk for stort bilete

«Riverso» handlar om å sjå verda frå mange ulike perspektiver, og alle dei følelsene som vekkast når ein vrir, snur og vender på ting.

Det blei ein oppleving full av farger, fantasi, musikk og dans. Forestillinga tar utgangspunkt i dei populære bøkene om hageelefanten Pomelo skrevet av Ramona Badescu og Benjamin Chaud. Dette er bøker som har sjarmert hundretusenvis av små og store lesarar verda over. Alicja Morawska – Rubczak fortalte og spilte og lekte seg igjennom 30 minutter, mens barna satt stille og fulgte med. Det heile ente med at elefanten Pomelo inviterte alle til karneval og dans.

Dokumentasjon: Christine B. Asheim