Dysleksivenleg skule

Knappskog skule som dysleksivenleg skule, og vart sertifisert i 2019. 

Logo Dysleksivenleg skule - Klikk for stort bilete

Vinteren 2022 har vi arbeidd med å lage ein plakat om korleis ein skal sjå igjen i klasserommet at vi er dysleksivenlege og med det kva forventningar føresette kan ha til oss.

På nettsida til Dysleksi Norge kan du lesa meir om dysleksivennlig skole

Plakat med informasjon om at jeg har dysleksi - Klikk for stort bilete

Vi skal

  • Finne styrkar hos alle elevar, og gi dei meistringskjensle.
  • Mengdedifferensiere ved behov- tilpasse elevens nivå og arbeidskapasitet fordi skrive- og lesearbeid kan ta lenger tid sjølv med hjelpemiddel.
  • Vise respekt for at eleven ikkje vil lese høgt (Elevar skal ikkje lese høgt i klassa om ikkje dei sjølv har meldt seg frivillig til dette).
  • Vise respekt for at eleven ikkje vil skrive på tavla eller leie skriving i gruppe.
  • Gi tilbod om å sitje langt framme om det er behov for det.
  • Godta at eleven spør om igjen.
  • Nytte diktering, Lingdys og lydopptak i alt skulearbeid.
    • Setje av tid til å integrere bruk av digitale hjelpemiddel, for å skape sjølvstende og ansvar for eiga læring.
    • Ha tidleg opplæring av digitale hjelpemiddel i heil klasse.
    • Bruke ein dysleksivennleg font (open dyslexic).
  • Skape eit klima der det er lov å gjere feil.
  • Tilpasse ved kartleggingsprøver, evt. la elevane stå over prøva.
  • Legge til rette gloseprøver og øveord for kvar enkelt elev.
  • Ha god informasjonsflyt skule-heim.
    • Gi opplæringstilbod til foreldre.
  • Vere observant på følgjevanskar.
  • Vere ærleg ovanfor elevane om kva utfordringar dysleksi inneber.
  • Ha dysleksisamlingar for alle elevar med dysleksi på skulen.
  • Leggje til rette for at elevar kan bruke alternative måtar å presentere kunnskap på, til dømes lydopptak eller video i staden for å skrive.
  • Ha fokus på at funksjonell handskrift må tilpassast kvar enkelt elev
  • Gi elevar med dysleksi val mellom handskrift og tastatur.
Logoen til Digg Læring - Klikk for stort bilete Illustrasjon av barn som leser i en avis - Klikk for stort bilete

 Her kan du laste ned plakaten som PDF, i dysleksvenleg font:

Her kan du laste ned plakat om Dysleksivenleg skule for Knappskog skule (PDF, 276 kB)