Kven kan få tilbodet?
Barn og unge under 18 år som har ulike utfordringar med bevegelse og motorikk kan få hjelp.
Vi møter ofte barn med lettare motoriske vanskar, som til dømes forseinka grov- eller finmotorisk utvikling. Andre sentrale grupper er barn med meir alvorlege utviklingsforstyrringar og barn utsett for akutt skade eller sjukdom. Det kan også vera barn med kroniske lidingar, som nevrologiske, revmatiske og ortopediske sjukdomar, psykiske vanskar eller hjarte- og lungeproblematikk.
Mange av barna vi møter har samansette vanskar med behov for tverrfaglig oppfølging. Fysioterapeutene samarbeider med ergoterapeutene om vurdering, formidling og tilpasning av nødvendige hjelpemiddel.
1. Prioritet
Rask intervensjon vert vurdert til å ha særleg stor betyding for brukaren sitt funksjonsnivå, livskvalitet og lindring.
Problemstilling
- Baby under 12 mnd.
- Tryggleik i bil, heim og omgjevnader
- Akutte overføringsfasar
- Brått funksjonstap og/eller akutte behov
- Kort forventa levetid
Ventetid: Så raskt som mogleg, seinast innan 2 veker.
2. Prioritet
Tidleg intervensjon vert vurdert til å ha stor betyding for at brukaren skal gjenvinne, utvikla eller oppretthalde funksjonsnivå og hindra vidare funksjonstap.
Problemstilling
- Smerteproblematikk
- Oppfølging etter planlagde operasjonar
- Barn i barnehagealder med fotproblematikk
- Overføringsfaser der tiltak må påbegynnes raskt
- Barn/unge med lungeproblemer, aktiv fase.
- Barn/unge med akutt forverring i psykisk helse, livskvalitet og funksjonsevne
- Barn/unge med progredierende lidelser, aktiv fase
- Barn/unge med reumatiske og ortopediske lidelser, aktiv fase
- Barn/unge med nyoppdagede nevrologiske eller genetiske lidelser
- Barn/unge med akutt hjelpemiddelbehov, eller behov for tilrettelegging av omgivelsene.
- Nyopererte barn/unge
- Intensiv behandling, f.eks oppfølging etter Botoxinjeksjon eller operasjoner
Ventetid: Innan ein månad
3. prioritet
Intervensjon forventast å ha betydning for at brukaren kan oppretthalde eller utvikle/betre funksjons- og meistringsevne.
Problemstilling
- Behov for spesialbil
- Tilrettelegging av bustad
- Tilrettelegging i barnehage og skule
- Begynnende funksjonstap
- Barn/unge med langvarige psykosomatiske plager
- Førskulebarn med sein motorisk utvikling
- Førskolebarn med samansatte vanskar
Ventetid: Innan to månader
4. prioritet
Intervensjon forventast å ha betydning for brukarens funksjons- og mestringsevne. Det vurderast som fagleg forsvarleg at intervensjonen planleggjast fram i tid.
Problemstilling
- Tilrettelegging av skulemiljø
- Overvekt/fedme
- Barn i barneskulealder med forsinka motorisk utvikling
- Barn/ungemed lungeproblem i kronisk fase
- Barn/unge med progredierande sjukdom
- Barn/unge med revmatisk og ortopedisk sjukdom
- Oppstart av individuell plan
- Deltagelsesutfordringar
- Slitasje på pårørande og tenesteutøvere
- Skulebarn med fotproblematikk
Ventetid: Innan fire månader
Kva kan du få hjelp til?
- Kartlegging av funksjon og ressursar
- Vurdering, tilpassing og tilrettelegging av trening, aktivitet og leik
- Rådgjeving/rettleiing til føresette og samarbeidspartnarar
Slik søkjer du
Søk om fysioterapi til barn (DOCX, 139 kB)
Send skjema til:
Øygarden kommune - Helse, meistring og rehabilitering
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Barn og unge ved føresette kan sjølv søkja om tenester frå avdeling helse, meistring og rehabilitering. For at vi skal vita kva barnet treng hjelp til, må de fylla ut søknadsskjemaet om fysio- og ergoterapitenester. Foreldre kan også kontakta helsestasjonen, fastlegen, barnehagen/skulen eller andre instansar i kommunen for å få hjelp til å fylla ut og senda søknad for barnet.
Prisar
Tenesta er gratis for barn 0-16 år.
For ungdom over 16 år:
På heimesida til helsenorge og heimesida til Norsk Fysioterapiforbund finn du meir informasjon om betaling og eigendelar.
Kva skjer vidare?
Du får enten ein telefon for å avtale time eller ei innkalling i posten, når fysioterapeuten har ledig tid til deg.