Du kan ta kontakt med læreren din, helsesøster, dine føresette, vener, trenar eller andre du kjenner. På nettsida nullmobbing.no kan du lesa meir om korleis du kan seia ifrå eller kven du kan snakka med.
Trygg i fellesskap-modellen
Trykk på rutene i modellen under for å lære meir om områda i modellen.
Trygg i fellesskap
Målsetjinga til TRYGG I FELLESSKAP er å førebyggja og å redusera omfanget av mobbing og å hjelpe til slik at alle barn har det trygt og godt i Øygarden kommune – og å sikra at mobbing vert avdekt og handtert godt av alle som er i relasjon til barn og unge.
Følg TRYGG I FELLESSKAP på Facebook
Kva er mobbing?
Mobbing er handlingar frå vaksne eller barn/ungdom som krenkjer opplevinga til ein person av å høyra til og vera betydningsfull for fellesskapet.
Mobbing kan vera mange ulike ting. Nettsida Nullmobbing.no gjer gode eksempel på kva mobbing kan vera.